Amfípoli
Lokalt namn Αμφίπολη

Geografi
Stad Makedonía
Koordinatar 40°49′N 23°51′E / 40.817°N 23.850°E / 40.817; 23.850
Areal 414,3 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Makedonía
Sérres
Hovudsete Rodolívos (1 557 innb.)
Demografi
Folketal 7 168 (2021[1])
Folketettleik 22,3 /km²

Amfípoli (gresk Αμφίπολη) er ein kommune i periferieininga Sérres i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Han ligg søraust for Sérres og grensar i aust mot periferieininga Kavála i periferien Aust-Makedonía og Thráki. I sør har kommunen ei kystlinje mot Strymónasbukta, og i sørvest ei stutt grense mot periferieininga Thessaloníki.

Administrativ inndeling

endre
 
Kart over kommunaleiningane i kommunen Amfípoli. ██ 1 - Amfípoli ██ 2 - Rodolívos ██ 3 - Próti ██ 4 - Kormísta
 
Den tidlegare kommunen Amfípoli, no kommunaleininga Amfípoli

Frå 2011 omfattar kommunen Amfípoli òg dei tidlegare kommunane Rodolívos, Próti og Kormísta. Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 7 168 innbyggjarar, medan kommunaleininga Amfípoli hadde 2 170 og tettstaden med same namn 137 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Rodolívos Rodolívos 2 072 1 557
Paleokómi Amfípoli 1 274 1 081
Próti Próti 1 176 907
Néa Báfra Kormísta 716 565
Néa Kerdýlia Amfípoli 538 447
Krinís Próti 573 429
Kormísta Kormísta 555 423

Referansar

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.