Sérres
Sérres Lokalt namn Σέρρες | |
---|---|
![]() Sérres sett frå akropolisen | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Makedonía |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 601,5 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Sentral-Makedonía Sérres |
Hovudsete | Sérres (58 287 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 76 817 (2011[1]) |
Folketettleik | 127,9 /km² |
Sérres (gresk Σέρρες, eldre form Σέρραι, Sérrai; tyrkisk Serez eller Siroz; slavisk Серез, Serez, Сяр, Sjar eller Сер, Ser), tidlegare òg Serrae eller Serrhae, er ein by og ein kommune i Sentral-Makedonía i Hellas. Han ligg på ei frodig slette om lag 25 km nordaust for Strymónas (Struma) og 60 km nordaust for Thessaloníki. Rodopifjella stig opp nord og aust for byen. Byen er hovudsete i periferieininga med same namn. I 2011 hadde byen vel 58 000 innbyggjarar.
Historie Endra
Av romarane vart byen kalla Serrae eller Serrhae og det vart bygd ei stor festning her under Austromarriket for å vakte den nordlege grensa til riket og det strategiske Rupelpasset inn i Bulgaria. Bulgararne tok byen på 900-talet, før han kom inn under Serbia i 1345 og vart hovudstad for keisaren Stefan Dušan. Dušan var så nøgd med den harde omleiringa av den tredje austromerske byen at han krona seg sjølv «Keisar av serbarane og grekarane». Etter han døydde fall riket hans ut i føydalt anarki og keiserinna Hellen heldt fram å styre Sérres-området frå 1356, men vart alt i 1365 jaga bort av despoten Jovan Uglješa Mrnjavčević, som danna ein liten, men mektig miniputtstat i Sérres. Etter 1371 og slaget ved Maritsa fekk austromarane tilbake kontrollen over Sérres og tvinga serbarane bort. Alt i 1383 erobra derimot osmanarane byen. Tidleg på 1900-talet oppstod det ein anti-osmansk uro i byen, som førte til Ilinden-Preobrazjenije-opprøret i 1903. Den bulgarske hæren erobra Sérres under den andre balkankrigen i 1913, men vart tvunge bort igjen av greske styrkar. Byen vart totalt ombygd etter at bulgarane brende ned heile byen. Han vart okkupert av bulgararane igjen under både den første og den andre verdskrigen, og fekk fleire skadar. Etter krigen har dei greske styresmaktene utført planar som har utvikla økonomien til byen.
Økonomi Endra
Sérres er senter i eit jordbruksdistrikt og er eit viktig handelssenter for tobakk, korn og buskap. Etter subsidiar frå staten vart området og eit senter for produksjon av tekstilar og andre industriprodukt.
Administrativ inndeling Endra
Frå 2011 omfattar kommunen Sérres òg dei tidlegare kommunane Kapetán Mitroúsi, Levkónas, Skoutári, Áno Vrondoú og Oriní. Dei seks tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 76 817 innbyggjarar, medan kommunaleininga Sérres hadde 61 025 og tettstaden med same namn 58 287 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader Endra
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Sérres | Sérres | 58 287 |
Levkónas | Levkónas | 2 388 |
Skoutári | Skoutári | 2 154 |
Mitroúsi | Kapetán Mitroúsi | 1 479 |
Kalá Déndra | Levkónas | 1 131 |
Kouvoúklia | Skoutári | 1 127 |
Provatás | Kapetán Mitroúsi | 1 099 |
Anajénnisi | Kapetán Mitroúsi | 752 |
Oriní | Oriní | 742 |
Ájos Ioánnis | Sérres | 723 |
Eptámyli | Sérres | 712 |
Áno Kamíla | Kapetán Mitroúsi | 682 |
Vamvakiá | Kapetán Mitroúsi | 530 |
Inoússa | Sérres | 517 |
Referansar Endra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Bakgrunnsstoff Endra
Kjelde Endra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Serres frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: