Periferieininga Sérres

Periferieininga Sérres
Περιφερειακή ενότητα Σερρών
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Sentral-Makedonía
Hovudstad Sérres
Folketal 151 317 (2021[1])
Areal 3 968 km² Rangering 8.
Folketettleik 38/km²
Kommunar 7
Postnummer 62x xx
Retningsnummer 232x0
Bilnummer EPx
Heimeside www.naserron.gr

Periferieininga Sérres (gresk Περιφερειακή ενότητα Σερρών, Periferiakí enótita Serrón) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía.[2] Hovudstaden i periferieininga er Sérres.

Geografi

endre

Sérres er ei kupert periferieining, og av fjell finn ein Órvilos (Slavjanka) i nord, Meníkio i aust, Pangéo i søraust, Kerdýlio i sørvest, Vertískos i vest, delar av Kroússia i vest og delar av Kerkíni (Belasitsa) i nordvest. Sérres grensar til Kilkís i vest, Thessaloníki i sørvest, Kavála i aust, Dráma i nordaust og til nabolanda Bulgaria i nord og Nord-Makedonia i norvest. Strymónasbukta ligg i sør utanfor deltaet av elva Strýmonas. Periferieininga dekkjer 3 % av heile Hellas. 41 % av periferieininga er dyrkbar mark og det meste av området ligg nær elva Strymónas (Struma) som renn frå Bulgaria og munnar ut i Strymónasbukta. Ei anna elv er Angítis i aust. Vest i periferieininga, der Strymónas gjer ein sving, er elva demt opp og dannar Kerkínisjøen, kjend for sitt rike fugleliv.

Historie

endre

I moderne tider har Sérres, i lag med resten av regionen Makedonia vorte kjempa om mellom Hellas, Bulgaria, Jugoslavia og Det osmanske riket, Etter frigjeringa frå Det osmanske riket av bulgararane under den første balkankrigen vart Sérres ein del av Hellas etter den andre balkankrigen. Under det nasjonale skismaet, som handla om Hellas skulle gå inn i den første verdskrigen eller ikkje, vart området okkupert av Bulgaria igjen, men gjekk tilbake til Hellas etter krigen. Under den andre verdskrigen okkuperte Bulgaria Sérres og utførte ein bulgariseringsprosess i området. Sérres vart frigjeve i 1944.

Klima

endre

Sérres har hovudsakleg middelhavsklima i dei sørlege delane av dalen langs elva Strymónas (Struma). Lenger borte frå kysten er klimaet hovudsakleg kontinental med kalde vintrar i høgareliggande område.

Administrativ inndeling

endre

Tidlegare var Sérres eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i sju kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Sérres Visaltía Visaltía 622 00 23220-6
Nigríta 622 00 23220-2
Akhinós 622 00 23220-5
Trájilos 620 49 23220
Amfípoli Amfípoli 620 41 23240-9
Rodolívos 620 41 23240-7
Próti 620 47 23240-6
Kormísta 620 47 23240-8
Néa Zíkhni Néa Zíkhni 620 42 23240-2
Alistráti 620 45 23720-5
Emmanouíl Pappás Emmanouíl Pappás 620 46 23210-7
Strymónas 621 00 23210-9
Sérres Sérres 621 00 23210-2
Kapetán Mitroúsi 621 00 23210-9
Levkónas 621 xx 23210-9
Skoutári 621 00 23210-9
Áno Vrondoú 621 00 23210-8
Oriní 621 00 23210-5
Sindikí Kerkíni 620 52 23170-2
Petrítsi 620 43 23230-4
Promakhónas 623 00 23230-4
Ángistro 623 00 23230-4
Sidirókastro 623 00 23230-2
Akhladokhóri 623 00 23230-6
Iráklia Iráklia 624 00 23250-2
Skotoússa 621 00 23210-9
Strymonikó 620 54 23220-8

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Sérres Sérres 58 287 59 260
Nigríta Visaltía 4 947 4 892
Sidirókastro Sindikí 5 177 4 758
Iráklia Iráklia 3 786 3 245
Levkónas Sérres 2 388 2 221
Néo Soúli Emmanouíl Pappás 2 399 2 051
Skoutári Sérres 2 154 1 863
Néo Petrítsi Sindikí 1 932 1 690
Alistráti Néa Zíkhni 2 127 1 687
Néos Skopós Emmanouíl Pappás 1 934 1 618
Terpní Visaltía 2 169 1 593
Rodolívos Amfípoli 2 072 1 557
Néa Zíkhni Néa Zíkhni 2 530 1 547
Pondisméno Iráklia 1 666 1 516
Mavrothálassa Visaltía 1 572 1 300
Mitroúsi Sérres 1 479 1 195
Kímisis Iráklia 1 414 1 148
Dravískos Néa Zíkhni 1 488 1 109
Paleokómi Amfípoli 1 274 1 081
Ájo Pnévma Emmanouíl Pappás 1 353 1 031
Khrysó Emmanouíl Pappás 1 571 1 006
Kalá Déndra Sérres 1 131 966
Káto Kamíla Sérres 1 127 955
Strymonikó Iráklia 1 619 945
Neokhóri Emmanouíl Pappás 1 227 923
Gázoros Néa Zíkhni 1 315 912
Próti Amfípoli 1 176 907
Valteró Iráklia 1 102 872
Khrysokhórafa Iráklia 1 023 841

Kjelder

endre

Referansar

endre