Amhara (አማራ) er eit område nord i Etiopia, i dag ein delstat (kililoch) med Bahir Dar som hovudstad. Området har gjeve namn til språket amharisk og folkegruppa amharaer, som har kjerneområdet sitt her. Han var tidlegare kjend som Region 3.

Amhara
አማራ
delstat
Flagg
Symbol
Land  Etiopia
Hovudstad Bahir Dar
Areal 154 709,0 km²
Folketal 19 120 005 (2005)
Kart
Amhara
11°39′39″N 37°57′28″E / 11.6608°N 37.9578°E / 11.6608; 37.9578
Plasseringa av Amhara-provinsen i Etioia.
Plasseringa av Amhara-provinsen i Etioia.
Plasseringa av Amhara-provinsen i Etioia.
Wikimedia Commons: Amhara Region

Den største innsjøen i Etiopia, Tanasjøen, og det høgaste punktet, Ras Dashan i nasjonalparken Semien, ligg i Amhara.

I den etiopiske mellomalderen var Amhara delt inn i ulike provinsar, som Gondar, Gojjam, Begemder og Lasta.

Demografi

endre

Amhara har eit folketal på 19 120 005, derav 9 555 001 menn og 9 565 004 kvinner. 16 925 000 eller 88.5 % av innbyggjarane bur på landsbygda, 2 195 000 eller 11.5% bur i byane. Med eit flatemål på 159 173,66 kvadratkilometer, har region ein folketettleik på 120,12 per kvadratkilometer, basert på tal frå Central Statistical Agency i Etiopia (CSA) publisert i 2005.[1]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Amhara
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.