Amharisk

sørsemittisk språk

Amharisk (አማርኛ ’amarəñña) er eit semittisk språk som blir snakka i dei nordlege og sentrale delane av Etiopia. Det er det semittiske språket i verda med nest mest talarar, etter arabisk. Det er det offisielle språket i Etiopia, og i fleire av delstatane i Etiopia, mellom anna i Amhara. Det har vore arbeidsspråket til regjeringa, hæren, og den etiopiske ortodokse kyrkja i moderne tid. Amharisk blir snakka av ca. 2,7 millionar emigrantar i Egypt, Israel og Sverige), og det blir snakka i Eritrea av eritrearar utviste frå Etiopia.

Amharisk
አማርኛ
’amarəñña
Klassifisering afroasiatisk
 semittisk
  sørsemittisk
Bruk
Tala i Etiopia
Område Amhara, nordlege delar av Etiopia
Amharisktalande i alt 21 millionar (17,4 millionar morsmålstalarar
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem fidel
Offisiell status
Offisielt språk i Etiopia
Språkkodar
ISO 639-1 am
ISO 639-2 amh
ISO 639-3 amh
Den etiopiske nasjonalsongen på amharisk.

Amharisk blir skrive med ein abugida som blir kalla fidel (/fidäl/), som er tilpassa frå det eldre språket geez, som no for det meste berre blir nytta av prestestanden innanfor dei ulike kyrkjene i landet, så vel som som liturgisk språk av ein del etiopiske jødar.

Fonologi og ortografi endre

Konsonantar og vokalar endre

Tabellen nedanfor viser IPA-symbolar (med ein vanleg brukt translitterasjon i parantes).

Konsonantar
Bilabiale Dentale Palatale Velare Glottale
Lukkelydar Ustemt p t c (č) k ʔ
Stemt b d ɟ (ğ) g
Ejektivar (č') (q)
Affrikatar ʦʼ (s')
Frikativar Ustemt f s ʃ (š) h
Stemt z ʒ (ž)
Nasalar m n ɲ (ñ)
Likvidar w l j (y)
Flapp r
Vokalar
Fremre Sentrale Bakre
Høge i ɨ (ə) u
Midtre e ə (ä) o
Låge a

 

 
Colaflaske med fidelskrift.

Amharisk skrift endre

Amharisk blir skrive med ein abugida, fidel (ፊደል).

Grammatikk endre

Pronomen endre

Substantiv endre

Amhariske substantivs kan vere primære eller avleidde. Eit substantiv som əgər 'fot, bein' er primær, og eit substantiv som əgr-äɲɲa 'fotgjengar' er eit avleidd substantiv.

Genus endre

Amhariske substantiv har maskulint eller feminint genus. Dette kjem til uttrykk på ulike måtar. Eit døme er suffikset -t for feminina. Dette suffikset er ikkje produktivt. Substantiv og adjektiv som sluttar på -awi tar som regel suffikset -t når dei dannar feminina, t.d. ityop':ya-(a)wi 'etiopisk (m.)' vs. ityop':ya-wi-t 'etiopisk (f.)'; sämay-awi 'himmelsk (m.)' vs. sämay-awi-t 'himmelsk (f.)'. Dette suffikset opptrer også på substantiv og adjektiv basert på mønsteret qət(t)ul, t.d. nəgus 'konge' vs. nəgəs-t 'dronning' og qəddus 'heilag (m.)' vs. qəddəs-t 'heilag (f.)'.

Ein del substantiv og adjektiv tar eit feminint suffiks -it: ləğ' 'barn, gut' vs. ləğ-it 'jente'; bäg 'sau, bukk' vs. bäg-it 'søye'; ŝəmagəlle 'gammal mann' vs. ŝəmagəll-it 'gammal kvinne'; t'ot'a 'hann-ape' vs. t'ot'-it 'ho-ape'. Ein del substantiv har feminin-suffiks utan å ha eit substantiv utan eit slikt suffiks, t.d. ŝärär-it 'edderkopp', azur-it 'whirlpool, eddy'. Det finst også substantiv med suffikset -it som tar maskulin kongruens: säraw-it 'hær', nägar-it 'stor tromme'.

Feminin genus er ikkje berre brukt til å uttrykkje biologisk genus, men også til å uttrykkje at noko er lite, t.d. bet-it-u 'det vesle huset' (bokst. hus-FEM-DEF). Feminin kan også bli brukt til å uttrykkje sympati.

Genus-spesifikatorar endre

Amharisk har spesielle ord som kan bli brukt til å vise biologisk kjønn av menneske og dyr. For menneske er wänd brukt for hankjønn og set for hokjønn, t.d. wänd ləğ 'gut', set ləğ 'jente'; wänd hakim 'lækjar (m.)', set hakim 'lækjar (f.)'. For dyr kan orda täbat, awra, eller wänd (mindre vanleg) bli brukt til å vise hankjønn, og anəst eller set til å vise hokjønn. Døme: täbat t'əğa 'kalv (m.)'; awra doro 'hane'; set doro 'høne'.

Plural endre

Pluralsuffikset -očč blir brukt til å uttrykke plural for substantiv. Visse morphofonologiske alternasjonar opptrer avhengig av om ordet er vokal- eller konsonantfinalt. For substantiv som endar i konsonant, blir -očč brukt: bet 'hus' blir bet-očč 'hus-PL'. For substantiv som endar i ein bakre vokal (-a, -o, -u), er fleirtalssuffikset -wočč, t.d. wəšša 'hund', wəšša-wočč 'hundar'; käbäro 'tromme', käbäro-wočč 'trommer'. Substantiv som sluttar på N fremre vokal har -wočč eller -yočč, som pluralsuffiks, t.d. s'ähafi 'lærd', s'ähafi-wočč eller s'ähafi-yočč 'lærde'. Ein annan pluraldanningsprosess for substantiv på vokal er å stryke vokalen og bruke očč, som i wəšš-očč 'hundar'.

I tillegg til å bruke suffikset (-očč), kan substantiv og adjektiv danne plural med hjelp av å reduplisere ein av radikalane, dvs. ein av konsonantane. For eksempel kan wäyzäro 'kvinne' ta vanleg plural wäyzär-očč, men ei anna form er wäyzazər 'kvinner'.

Nokre slektskapstermar har to pluralformer med ulik meining. T.d. kan wändəmm 'bror' få fleirtalsforma wändəmm-očč 'brør' men også som wändəmmam-ač 'brør av kvarandre'. På same måte med əhət 'søster' pl. əhət-očč ('søstre'), men også ətəmm-am-ač 'søstre av kvarandre'.

Bestemtheit endre

Viss eit substantiv er bestemt eller spesifikk blir det uttrykt med eit suffiks. I singularis skil suffikset mellom maskulinum og femininum, denne skilnaden blir nøytralisert i pluralis. På same måten som i pluralis er det morfofonologiske vekslingar, avhengig av den finale lyden i stammen.


Nominalisering endre

Amharisk har ulike avleiingsprosessar for å danne nye substantiv. Det er mogleg å skifte vokalar mellom dei tre radikalane (dette er ein prosess typisk forsemittiske språk. For eksempel:

  • CəCäC: — t'əbäb 'visdom'; həmäm 'sjuke'
  • CəCCaC-e: — wəffar-e 'obesity'; c'əkkan-e 'cruelty'
  • CəC-ät: — rət'bät 'moistness'; 'əwq-ät 'knowledge'

There are also several nominalizing suffixes.

  • -ənna: — 'relasjon'; krəst-ənna 'Christianity'; sənf-ənna 'laziness'; qes-ənna 'priesthood'.
  • -e, suffixed to place name X, yields 'a person born in X': gojjam-e 'someone born in Gojjam'.
  • -äɲ:a og -täɲ:a serve to express profession, eller some relasjonarhip with the base substantiv: əgr-äɲ:a 'pedestrian' (frå əgr 'foot'); bärr-äɲ:a 'gate-keeper' (frå bärr 'gate').

Verb endre

Infinitte former endre

Amharisk har tre infinitte formtypar, infinitiv, presens partisipp, og gerundium.

Infinitiven er eit nominalisert verb. Presens partisipp uttrykkje uavslutta handling, og gerundium avslutta handling, t.d. ali məsa bälto wädä gäbäya hedä 'Etter å ha ete lunsj, gjekk Ali til marknaden'. Gerundium kan brukast i ulike posisjonar i setninga.

Verbal bruk endre

Gerundium fungerer som kjerne i ei underordna setning (som ovanfor). Det kan vere meir enn ein gerundium i same setning: Gerundium blir brukt til å danne desse komplekse tidsformene

  • presens perfektum nägro -all/näbbär 'He has said'.
  • preteritum perfektum nägro näbbär 'He had said'.
  • mogleg perfektum nägro yəhonall 'He (probably) har said'.
Adverbial bruk endre

Gerundium kan bli brukt som adverb: alfo alfo yəsəqall 'Sometimes he laughs'. əne dägmo mämt'at əfälləgallähu 'I also want to come'.

Adjektiv endre

Adjektiv kan i amharisk bli danna på mange ulike måtar: dei kan bli avleidd av substantiv, verb og andre ordklassar. Avleiinga skjer ved hjelp av eit suffikls som blir lagt til den opphavlege stammen. I tillegg har amharisk ein liten klasse av opphavlege, ikkje-avleidde adjektiv. Nokre døme er dägg 'snill, raus', dəda 'stum, stille', bəc'a 'gul'.

Adjektiv danna av nominale mønster endre

CäCCaC — käbbad 'tung'; läggas 'generøs'
CäC(C)iC — räq'iq 'fin'; addis 'ny'
CäC(C)aCa — säbara 'øydelagt'; t'ämama 'bøygd'
CəC(C)əCbələh 'intelligent, smart'; dəbbəq' 'skjult'
CəC(C)uCkəbur 'viktig'; t'əqur 'svart'; qəddus 'heilag'

Adjektiv danna med hjelp av suffiksering endre

-äɲɲahayl-äɲɲa 'kraftig' (frå hayl 'kraft'); əwnät-äɲɲa 'sann' (frå əwnät 'sannig')
-täɲɲaaläm-täɲɲa 'sekulær' (frå aläm 'verd'
-awi — ləbb-awi 'intelligent' (frå ləbb 'hjarte'); mədr-awi 'jord-leg' (frå mədr 'jord'); haymanot-awi 'religiøs' (frå haymanot 'religion')

Adjektiv danna med prefikset 'frå' endre

yä-kätäma 'urban' (bokst. 'frå byen'); yä-krəstənna 'kristen' (bokst. 'av kristendom'); yä-wəŝät 'gale' (bokst. 'av falskheit')

På same måten kan relativ perfektum eller imperfektum bli brukt som adjektiv med å prefiksere :

yä-bässälä 'moge, ferdig' (bokst. 'som har blitt kokt, laga ferdig'); yä-qoyyä 'gammal' (bokst. 'det som er att'); yä-mmikkättäl 'følgjande' ('det som kjem etterpå', frå tä-kättälä 'å følgje'); yä-mmittay 'synleg' (bokst. 'det som blir sett')

Adjektiv-substantiv-kompleks endre

Adjektiv og substantiv i lag blir kalla 'adjektiv-substantiv-kompleks'. I amharisk står adjektivet foran substantivet, og amharisk er eit SOV-språk, t.d. kəfu geta 'ein dårleg herre'; təlləq bet särra (bokst. stort hus han-bygde) 'han bygde eit stort hus'.

Viss adjektiv-substantiv-komplekset er bestemt, blir bestemtheitssuffikset lagt til adjektivet og ikkje til substantivet, t.d. təlləq-u bet (bokst. stort-def hus) 'det store huset'. I ein possessivkonstruksjon tar adjektivet også bestemtheitssuffikset, og substantivet tar possessivsuffikset, t.d. təlləq-u bet-e (bokst. stort-def hus-mitt) 'det store huset mitt'.

Når ein reknar opp adjektiv med suffikset -nna 'og', kan begge adjektiva ta bestemt suffiks: qonğo-wa-nna astäway-wa ləğ mät':ac:' (bokst. pen-def-og intelligent-defjente kom) 'den pene og intelligente jenta kom'. Viss det er eit kompleks av ubestemte adjektiv i fleirta, står substantivet i fleirtal og adjektivet kan stå i eintal eller i fleirtal. Thus, 'grundige studentar' kan vere təgu tämariwoc: (bokst. grundig student-PLUR) eller təguwoc': tämariwoc: (bokst. grundig-PLUR student-PLUR).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikipediaamharisk

  • Abraham, Roy Clive (1968) The Principles of Amharic. Occasional Publication / Institute of African Studies, University of Ibadan. [rewritten version of 'A modern grammar of spoken Amharic', 1941]
  • Amsalu Aklilu & Demissie Manahlot (1990) T'iru ye'Amarinnya Dirset 'Indet Yale New! (An Amharic grammar, in Amharic)
  • Bennet, M.E. (1978) Stratificasjonal Approaches to Amharic Phonology. PhD thesis, Ann Arbor: Michigan State University.
  • Cohen, Marcel (1936) Traité de langue amharique. Paris.
  • Leslau, Wolf (1995) Reference Grammar of Amharic. Harrassowitz, Wiesbaden.
  • Praetorius, Franz (1879) Die amharische Sprache. Verlag der Buchhandlung des Waisenhauses, Halle