Amir (hebraisk skrift עָמִיר, tyder Nek) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg på Galileastripa nær Kiryat Shmona, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 536.[1] Kibbutzen ligg på austbreidda av Jordanelva i Huladalen, med utsyn over det snødekte Hermon i nordaust og Ramat Naftali i vest.

Amir
landsby
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Øvre Galilea
Koordinatar 33°10′42.24″N 35°37′14.88″E / 33.1784000°N 35.6208000°E / 33.1784000; 35.6208000
Folketal 536  (2011)[1]
Grunnlagd 29. oktober 1939
 •  Grunnlagd av Litauiske og polske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Amir i Israel
33°10′42″N 35°37′14″E / 33.178333333333°N 35.620555555556°E / 33.178333333333; 35.620555555556
Wikimedia Commons: Amir (Kibbutz)

Landsbyen vart grunnlagd 29. oktober 1939 på landområdet kjøpt av Jewish National Fund frå den arabiske landsbyen Khiyam al-Walid. Han var den siste av tårn- og palisade-busetjinga og den einaste som vart grunnlagd under andre verdskrigen.[2] Grunnleggjarane var immigrantar frå Litauen og Polen, og fekk seinare med seg tyske og jugoslaviske nybyggjarar.[3] I starten var dei plaga av malariautbrot, men klarte å opprette ein gard. I følgje ein rapport frå Jewish National Fund i 1949, vart det opna ein klinikk i Amir for å behandle malaria og augesjukdomar. Fram til byrjinga av den arabisk-israelske krigen 1948 var behandling der gratis for arabiske innbyggjarar i nabolandsbyane.[3]

På grunn av plasseringa, vart kibbutzen råka av flaum kvar vinter, og i 1942 vart han flytta til den noverande staden på landområde kjøpt frå den arabiske landsbyen al-Dawwara.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Locality File». Israel Central Bureau of Statistics. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 8. mars 2015. 
  2. HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 766. ISBN 965-448-413-7. 
  3. 3,0 3,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 5.