Ampere
grunneining for elektrisk straum
Ampere er den grunnleggjande SI-eininga for måling av elektrisk straum. Ein ampere er det same som ein Coulomb per sekund. Symbolet for ampere er A. Ampere har fått namn etter André-Marie Ampère, ein av oppdagarane av elektromagnetismen.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d1/Ampere-def.svg/220px-Ampere-def.svg.png)
Definisjonar
endreEin ampere er den konstante straum som dersom den vert oppretthalden i to uendelege lange og paralelle leiarar med neglisjerbart sirkulært tverrsnitt og som er plassert med eit mellomrom på ein meter i vakuum vil produsere ei kraft på 2×10-7 newton per meter.