Amperhaugen er ein gard som ligg ved foten av Rondane nasjonalpark. Garden er open for gjester og tilbyr overnatting i eiga leilegheit, på setra eller i eit gamalt skulehus i nærleiken av garden.[1]

Dei eldste bygningane på garden vart bygde omkring 1700-talet. Det nyaste byggverket er frå 1996, men er bygd i gamal stil.[2]

Garden vart heidra med Olavsrosa den 1. september 2012. Prisen vart tildelt garden av di han er ein viktig arena for å halde bygdekultur og bygningstradisjonar i Østerdalen i hevd.[3]

Kjelder endre

  1. «Amperhaugen». olavsrosa.no. Henta 2. september 2013. 
  2. «Amperhaugen tildeles Olavsrosa». Østlendingen. 24. august 2012. Henta 2. september 2013. 
  3. «Amperhaugen heidra med Olavsrosa». Nationen. 24. august 2012. Henta 2. september 2013.