Rondane nasjonalpark

nasjonalpark i Innlandet fylke, Noreg

Rondane nasjonalpark ligg i Innlandet fylke, og er den eldste nasjonalparken i Noreg. Nasjonalparken vart oppretta 21. desember 1962 og utvida i 2003. Landskapet i parken er prega av Rondemassivet med tindar, tronge juv og djupe botnar.Berggrunnen er karrig, og lav og lyng dominerer vegetasjonen. Området har rike spor etter gammal fangstkultur.

Rondane nasjonalpark
nasjonalpark
Atnsjøen og Rondane 01.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Innlandet
Kommunar Folldal, Stor-Elvdal, Dovre, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu
Høgaste punkt Rondeslottet
 - høgd 2 178 moh.
Areal 963 km²
Oppretta 21. desember 1962
 - Utvida 24. oktober 2003

Rondane nasjonalpark
61°49′0″ N 9°30′0″ E
Wikimedia Commons: Rondane

PlasseringEndra

Rondane nasjonalpark er knytt til fjellområdet Rondane aust for Gudbrandsdalen og omfattar areal i kommunane Dovre, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu, Folldal og Stor-Elvdal.

VerneformålEndra

Formålet med vernevedtaket er mellom anna å ta vare på

  • eit stort, samanhengande og i det vesentlege urørt fjellområde
  • eit høgfjellsøkosystem med eigenarta og variert biologisk mangfald
  • ta vare på sentrale leveområde til villreinstammen i Rondane.

Bruk av nasjonalparkenEndra

Verneforskrifta tillèt bruk av fjellområda til husdyrbeite og tradisjonelt friluftsliv.

Den norske turistforening driv fleire hytter innanfor eller i utkanten av parken, deriblant Rondvassbu, Bjørnhollia, Grimsdalshytta, Peer Gynt Hytta, Dørålseter og Eldåbu. Kjende turistmål er m.a. Mysusæter, Høvringen, Kvitskriuprestinn, Skranglehaugane, Smiubelgen, Rondeslottet, Verkildalsbotnen, Jutulhogget og Ulafallene.

Pilegrimsleia frå Oslo til Nidaros går gjennom parken.

FjelltopparEndra

Det er ti fjelltoppar i Rondane som ragar over 2 000 moh.:

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rondane nasjonalpark