Mellomfrekvens (MF) eller mellombølgje dekker radiofrekvensområdet mellom 300 kHz og 3000 kHz.[1] Om kvelden og natta vert signala reflekterte i ionosfæren og kan rekke langt, ofte over det meste av kontinentet dei vert sende frå. Mellombølga har difor vore mykje brukt til kringkasting og til skipsradiosamband.

Mellombølga vert ofte referert til som den delen av MF-frekvensområdet (300–3000 kHz), der ein finn kommersiell AM-kringkasting. Desse kringkastarane har konsesjon på frekvensane mellom 525 kHz til 1615 kHz (1705 kHz i Nord-Amerika, Australia og delar av Sør-Amerika.)

Bølgelengde: 100–1000 meter.[1]

Fram til slutten av 1970-åra hadde mange norske byar mellombølgesendarar som sende NRK sine program. Den eineate norske mellombølgesender i 2017 var Longyearbyen, som sender på 1485 kHz.[2]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Stokke, Knut N. (1994). Fra sender til mottaker: innføring i radiotransmisjon. Vett & Viten. s. 3,37. ISBN 8241201796. 
  2. «Norske AM kringkastningsendere 1923–2016». Henta 11. januar 2017.