Amulett (av gresk amuletum) er ein gjenstand som einkvan ber med seg i tru på at han kan gje vern. Omgrepet er nært i slekt med talisman, men amuletten er mest meint som eit vern, medan ein talisman også kan ha som føremål å gje brukaren gode eigenskapar,[1] magiske evner og eller særskilde dugleikar.[2]

Gudinna Frøya som amulett. Kopi av eit funn frå Hagebyhöga , brukt av ein Forn Sed-utøvar.

Amulettar kan til dømes berast i handa, leggast i lomma, brukast som halssmykke eller leggjast inn i ein ring. Dei skal kunna verna den som ber dei mot ulukker og farar langs vegen, forsøk på å kaste trolldom mot han, eller mot skader, sår og alle slags sjukdommar.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «amulett». Store norske leksikon (på norsk). 12. januar 2023. 
  2. «talisman». Store norske leksikon (på norsk). 19. september 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Amulett