Talisman er ein gjenstand som blir tillagt visse magiske eller sakramentale eigenskapar slik at han kan gje hell, lukke og god helse til den som ber han, eller vern mot vondskap eller ulukke.[1] Ofte blir talismanar bore av personar, men dei kan også setjast inn permanent i byggverk. Talismanomgrepet er tett knytt til amuletten, der dei to typane gjenstand kan ha dei same rollene, men ha litt ulik tyding. Der amuletten mest er meint som vern, kan ein talisman ha som føremål å gje brukaren gode eigenskapar,[2] magiske evner og eller særskilde dugleikar.[3]

Karl den store-talismanen, eit relikvie som blei funne i ein grav. Talismanen kan ha tilhøyrt Karl den store.

Talismanar kan ofte omfatta gjenstandar som er innskrivne med magiske tekstar.[4]

Ordsoge endre

Ordet talisman kjem frå fransk talisman, via arabisk ṭilasm (طِلَسْم, fleirtal طلاسم ṭalāsim), som kjem frå gammalgresk telesma (τέλεσμα), med tyding 'fullending, religiøs rite, betaling'.[5][6]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Juan Eduardo Campo (red.). «amulets and talismans». Encyclopedia of Islam. Infobase Publishing. s. 40. 
  2. «amulett». Store norske leksikon (på norsk). 12. januar 2023. 
  3. «talisman». Store norske leksikon (på norsk). 19. september 2022. 
  4. Gruber, Christiane (2016). Power and Protection: Islamic Art and the Supernatural. Oxford: Ashmolean Museum. s. 33. 
  5. «talisman - Definition of talisman in English by Oxford Dictionaries». Oxford Dictionaries - English. Arkivert frå originalen 27. februar 2017. Henta 17. mars 2018. 
  6. «Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, τέλεσμα». Perseus.tufts.edu. Henta 18 March 2018.