An-Magritt Lindtner
An-Magritt Lindtner (fødd 1974) er ein norsk sjukepleiar. Ho er oppvaksen i Bergen og busett i Aurland. Der har ho og mannen sett i gang eit stort rehabiliteringsprosjekt av dei gamle gardsbygningane som dei seinare ynskjer å bruke til kulturelle aktivitetar, som formidling av gamle folkeeventyr, konsertar og litteraturkveldar. Lindtner er utdanna sjukepleiar med master i helsefremjande arbeid.
An-Magritt Lindtner | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1974 (50 år) |
Yrke | skribent, sjukepleiar |
Bibliografi
endreBøker
endre- 2013 – Smokkefeen Tutta (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-197-9 [Illustrert av Jens Kristensen]
I bøker - eit utval
endre- 2013 – Det fleirspråklege Noreg (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-190-0 [Foto: Oddleiv Apneseth. Av innhalder: Frisk som ein hest / An-Magritt Lindtner, s. 150-159]