An American Music Band
An American Music Band Studioalbum av The Electric Flag | ||
Utgjeve | Desember 1968 | |
Sjanger | soul, blues, rock | |
Lengd | 34:56 | |
Selskap | Columbia CS 9714 | |
Produsent | John Simon | |
The Electric Flag-kronologi | ||
---|---|---|
A Long Time Comin' (1968) |
An American Music Band | The Band Kept Playing (1974)
|
An American Music Band var det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Electric Flag, gjeve ut i 1968. Det opphavlege medlemmet Mike Bloomfield, som hadde starta bandet, var ikkje med på dette albumet.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone | Positiv[2] |
Oversyn
endreI 1968 kom albumet ut på Columbia CS 9714.[3] Albumet bestod hovudsakleg av originale songar. Dei spelte ein coverversjon av «Sunny».[2] Albumet nådde 76. plassen på den amerikanske albumlista.[4][5] Innan 15. mars, den niande veka albumet låg på Billboard-lista, hadde det falle frå 88. til 107. plassen.[6]
Mike Bloomfield spelte ikkje på albumet sidan han hadde slutta i mai 1968.[5] Herbie Rich hadde ein meir aktiv part på albumet og ein kan høyre orgelsoloane hans på «Hey, Little Girl» og utgåva deira av Bobby Hebb «Sunny» med Buddy Miles på vokal. Rich spelte òg saksofonsolo og song på songen «Qualified», i tillegg til at han spelte saksofonsolo på «My Woman That Hangs Around the House» og tok seg av blåsearrangementet for «Mystery».[3] Buddy Miles var òg meir dominerande og var det einaste medlemmet som var avbilda på framsida av plateomslaget.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Soul Searchin'» | Buddy Miles | 2:57 |
2. | «Sunny» | Bobby Hebb | 4:00 |
3. | «With Time There Is Change» | 3:14 | |
4. | «Nothing To Do» | Harvey Brooks, Nick Gravenites | 4:18 |
5. | «See To Your Neighbor» | Gravenites | 2:35 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Qualified» | 3:01 | |
2. | «Hey, Little Girl» | Gravenites | 2:35 |
3. | «Mystery» | Miles | 2:52 |
4. | «My Woman That Hangs Around The House» | 3:12 | |
Total lengd: | 34:56 |
Medverkande
endre- Harvey Brooks — bass, gitar, vokal
- Terry Clements — tenorsaksofon
- Marcus Doubleday — trompet
- Virgil Gonsalves — barytonsaksofon, fløyte
- Nick Gravenites — vokal, rytmegitar, perkusjon
- Stemsy Hunter — altsaksofon, vokal
- Buddy Miles — trommer, vokal, gitar på «Soul Searchin'»
- Herbie Rich — orgel, tenorsaksofon, vokal
- John Simon — piano
- Hoshal Wright — gitar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «An American Music Band» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ AllMusic - Electric Flag, An American Music Band
- ↑ 2,0 2,1 Billboard, 28. desember 1968 - Page 59 Album Reviews
- ↑ 3,0 3,1 Discogs- The Electric Flag – An American Music Band
- ↑ Classic Bands - The Electric Flag
- ↑ 5,0 5,1 Technicolor Web of Sound - The Electric Flag
- ↑ Billboard, 15. mars 1969 - Page 74 TOP LPs