Harvey Brooks (fødd 4. juli 1944 som Harvey Goldstein) er ein USA-amerikansk bassist.

Harvey Goldstein Brooks

Fødd4. juli 1944 (79 år)
FødestadManhattan i New York i USA
FødenamnHarvey Goldstein
OpphavUSA
AktivSidan 1960-åra
SjangerBluesrock, jazzfusion, R&B, psykedelisk rock, folkrock, pop
InstrumentElektrisk bass
Tilknytte artistarBob Dylan, Clarence Clemons and the Red Bank Rockers, Miles Davis, The Doors, Electric Flag, Richie Havens, Seals & Crofts, Fontella Bass, Cass Elliott, Al Kooper, Fabulous Rhinestones, The New York Rock and Soul Revue
PlateselskapElektra, Columbia, Vanguard, Verve
Verka somMusikar, komponist, produsent

Ein av dei første kjende artistane Brooks spelte med var med Bob Dylan på albumet Highway 61 Revisited i 1965. Brooks spelte òg på konsertar i lag med Bob Dylan og det som kom til å bli The Band.

Seinare i 1960-åra spelte Brooks med mange forskjellgie artistar, som Eric Andersen, Richie Havens, Tom Rush og Jim & Jean og David Blue. I 1967 vart han medlem av The Electric Flag og spelte på filmmusikkalbumet til filmen The Trip (1967) med Peter Fonda, Dennis Hopper, Susan Strasberg, og skriven av Jack Nicholson.

Han spelte med Cass ElliotDream a Little Dream (1968) og på The Doors sitt The Soft Parade (1969). I 1970 fekk han høve til å arbeide med Miles DavisBitches Brew og seinare Big Fun i 1974.

Frå 1970-åra og frametter arbeidde Brooks på New Morning av Bob Dylan, med John Martyn, The Fabulous Rhinestones, Seals & Crofts, Fontella Bass, John Sebastian, Loudon Wainwright III, John Cale og Paul Burlison.

Brooks og kona flytta til Jerusalem i Israel i 2009.[1][2]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Harvey Brooks» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2018.
  • Larkin, Colin. The Guinness Encyclopedia of Popular Music, Guinness Publishing, 1992.
  • Muirhead, Bert. The Record Producers File. A Directory of Rock Album Producers 1962–1984, Blandford Press, 1985.

Bakgrunnsstoff endre