Analfabetisme

(Omdirigert frå Analfabet)

Analfabetisme er ei nemning for manglande eller for dårleg lese- og skrivedugleikar hjå personar over skulepliktig alder. I år 2000 fanst det ifølgje UNESCO 800 millionar vaksne analfabetar, og 100 millionar born utan skuletilbod i verda. Av desse budde 95 prosent i u-land. Ca. 42 millionar menneske som bur i i-land er funksjonelle analfabetar, dvs. personar som ikkje meistrar skriftspråket bra nok til å kunne klare seg i kvardagen.

talet på skriveføre globalt i prosent

Kjelder

endre