Ein analyse er ein systematisk metode for å undersøkje eller forske på korleis ei stoffmengd eller eit sakskompleks er sett saman ved å dele det opp i mindre einingar. Ordet «analyse» kjem frå gresk analysis, som tyder 'oppløysing'. Ordet kan òg brukast om undersøkinga som er resultatet av analysearbeidet. Det motsette av analyse er syntese.

Ulike fagområde har utvikla sin eigen metodikk for analyse. Innan analytisk kjemi skil ein til dømes mellom kvantitativ analyse, som undersøkjer mengda av ulike stoff i ein prøve, og kvalitativ analyse, som undersøkjer kva for stoff som finst i ein prøve.

Former for analyse endre

Kjelder endre