Anatolij Karpov

(Omdirigert frå Anatoly Karpov)

Anatolij Jevgenjevitsj Karpov[a] (fødd 23. mai 1951 i Zlatoust i Tsjeljabinsk oblast) er ein russisk sjakkspelar. Karpov var verdsmeister i sjakk frå 1975 til 1985 og igjen frå 1993 til 1999.

Anatolij Karpov

Statsborgarskap Russland
Fødd 23. mai 1951 (73 år)
Zlatoust
Yrke sjakkspelar, politikar, skribent, journalist, medlem av Statsdumaen
Språk spansk, russisk
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Medlem av sjette statsduma, syvende statsduma, Den russiske føderasjonens første offentlige kammer, åttende statsduma
Nettstad http://aekarpov.com/
Anatolij Karpov på Commons
Anatolij Karpov

VM-kampane

endre

Karpov vart verdsmeister i 1975 etter å ha vunne kandidatfinala mot sjakkstormeister Viktor Korchnoi i 1974. Karpov vart verdsmeister i 1975 utan kamp, då verdsmeisteren frå 1972, Bobby Fischer frå USA ikkje ville akseptere vilkåra for VM-kampen som verdssjakkforbundet FIDE hadde bestemt.

Karpov forsvarte VM-tittelen i kampar mot Viktor Korchnoi i 1978 og 1981.

I 1984 spelte Karpov ein VM-kamp mot Garri Kasparov. Regelen var då at vinnaren vart den som først fekk 6 sigrar vart verdsmeister. Etter mange månader speling og 48 parti var stillinga 5-3 i favør av Karpov - men då hadde Kasparov vunne dei to siste partia. Presidenten i verdssjakkforbundet FIDE braut då av kampen, av omsyn til spelarane si helse.

Det vart så spela ein ny kamp i 1985, og denne gongen kunne ikkje Karpov hindre at Kasparov vann kampen, og vart ny verdsmeister. Karpov freista både i 1986, 1987 og 1990 å ta tilbake tittelen, men mislukkast.

I 1993 braut Kasparov med verdssjakkforbundet FIDE, og danna sin eigen organisasjon, PCA, der han arrangerte sine eigne VM-kampar. Samtidig arrangerte FIDE sin eigen VM-kamp, der Karpov i 1993 vann mot sjakkstormeister Jan Timman frå Nederland og dermed vart offisiell FIDE-verdsmeister igjen.

I 1996 forsvarte Karpov VM-tittelen i kamp mot sjakkstormeister Gata Kamsky frå USA.

I 1998 endra verdssjakkforbundet FIDE systemet for å peike ut ein VM-utfordrar. Sjakkstormeister Viswanathan Anand frå India vann ei stor utslagsturnering (cup), men hadde ingen sjanse i VM-kampen mot ein utkvild Karpov nokre dagar etterpå.

I 1999 endra verdssjakkforbundet FIDE på nytt systemet, og gjorde VM om til ei stor utslagsturnering. Dette ville ikkje Karpov vere med på, og gav opp VM-tittelen.

Heider

endre

Karpov vart tildelt Sjakk-Oscar som beste spelar for året, for åra frå og med 1973 til og med 1977 og 1979 til 1981, 8 år. Sjakk-Oscar blir gitt til den beste spelaren siste år, etter ei avstemming blant sjakkjournalistar og sjakkekspertar verda over.

Merknadar

endre
  1. Анато́лий Евге́ньевич Ка́рпов

Kjelder

endre
Fotnotar

Bakgrunnsstoff

endre