Ancudfjorden

bukt i Chile

Ancudfjorden eller Ancudbukta (spansk: Golfo de Ancud]) er eit innelukka havområde mellom den chilenske øya Chiloé i vest og fastlandet i aust, begge sider i Los Lagos-regionen i Chile. Han måler 52 nm på det breiaste i retning NW-SØ og er 52 nm lang i generell nord-sør-retning.

Ancudfjorden
fjord
Bilete av Isla Lagartija i øygruppa Calbuco i nordlege avgrensinga av Ancudfjorden
Land  Chile
Kart
Ancudfjorden
42°06′S 73°00′W / 42.1°S 73°W / -42.1; -73

Mot nord ligg Reloncavísundet med opning til Reloncavíbukta, mot aust ligg fastlandet, mot sør er Ancudfjorden avgrensa av Desertoresøyane og det 10 km breie Apiaosundet som fører ut til Corcovadofjorden. Mot vest ligg austkysten av Chiloé. I nordvest fører ein opning gjennom Chacaokanalen ut mot Stillehavet.

Oseanografi endre

Tidvatnet langs kysten av Chile skrir fram frå nord til sør; når det når Chiloéøya, vert det todelt, den eine som kjem inn gjennom Chacaokanalen i nordvest og den andre gjennom Boca del Guafo i sør, begge når største høgde ved Desertoresøyane og ved austkanten av Chacaokanalen, Punta Tres Cruces. Ved landsidene observerer ein normalt to høgvatn og to lågvatn kvart døgn, med ulik høgd på floda, om sommaren er tidvatnet på dagtid høgare og om vinteren er det motsett. Amplituden på tidvatnet, tidvasskilnaden, varierer mellom 3 og 7 meter. Flodstraumen trekkjer mot nord og ebbestraumen mot sør. Intensiteten varierer i samsvar med breidda og djupna på kanalane.

 
Innlaupet til Quintupeufjorden

Den nordgåande havstraumen i Stillehavet som strøymer inn i Corcovadofjorden frå sørvest, pressar fjordvatnet nordover og innover landet. Ved nordvestenden av Ancudfjorden, omtrent 4 nm søraust for Punta Tres Cruces, møtast straumen frå sør den som kjem inn gjennom Chacaokanalen, og dannar ei oppsiktsvekkjande krusingslinje kalla Raya de Tique. Desse rørslene er nokre gonger svært farlege for opne båtar, mange har forlist i freistnad på å krysse denne linja.

Djupna midtfjords er stor, og på nord- og sørsida uregelmessig. Det er grunne område i den nordlege sektoren.

Quintupeu endre

På austsida av Ancudfjorden finst mindre fjordar som skjer seg inn i austleg eller søraustleg retning. Ein av desse er Quintupeufjorden. Fjorden er kjent som staden der det tyske skipet SMS «Dresden» gøymde seg under den første verdskrigen, seinare senka i Juan Fernández-øygruppa i 1915. Avstand i luftlinje mellom botnen av Quintupeufjorden og statsgrensa mot Argentina er berre 14,4 km.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ancudfjorden