And I Love You So

«And I Love You So» er ein song av visesongaren og gitaristen Don McLean som kom ut i 1970 på debutalbumet hans, Tapestry. Songen er sidan blitt spelt inn av mange andre artistar og vart ein hit i 1973 for songaren Perry Como på albumet hans med same namn, And I Love You So.

Como sin versjon nådde 29. plassen på Billboard Hot 100, den siste av dei mange populære innspelingane hans, datert attende til 1943, som nådde topp 40. Songen låg òg ei veke på toppen av easy listening-lista i 1973.[1] I Storbritannia klatra songen heilt til tredjeplassen på UK Singles Chart i 1973 og åg 31 veker inne på lista, lenger enn nokre av dei andre songane hans.

Andre innspelingar endre

Songen vart spelt inn av Elvis Presley i RCA studio C i Hollywood i California, den 11. mars 1975. Songen kom ut på albumet hans, Today, og Presley spelte songen på nesten alle konsertane sine fram til han døydde. Harry Connick jr. tok med songen i 2009 på albumet Your Songs. Sergio Franchi spelte inn denne songen i 1976 på albumet 20 Magnificent Songs.[2]

I 1999 spelte Glen Campbell inn songen på albumet sitt My Hits and Love Songs.

Roch Voisine spelte inn songen på albumet hans Americana i 2008.

Andre artistar som har spelt inn songen er Rick Astley, Shirley Bassey, Glen Campbell, Bobby Goldsboro, Tom T. Hall, Emmylou Harris, Engelbert Humperdinck, Howard Keel, Johnny Mathis, Nana Mouskouri, Jim Nabors, Helen Reddy og Bobby Vinton.

Claude François spelte ein franskspråkleg versjon, «Et je t'aime tellement» i 1977.

Kjelder endre

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 62. 
  2. http://www.discogs.com Sergio Franchi

Bakgrunnsstoff endre