Perry Como

amerikansk songar

Pierino Ronald «Perry» Como (18. mai 191212. mai 2001), òg kjend som Mr. C, var ein USA-amerikansk songar og TV-stjerne. I løpet av meir enn 50 år spelte han inn plater for RCA Victor i 44 år frå han signerte for selskapet i 1943.[1] Como selde millionar av plater og var ein av dei mest populære vokalistar etter andre verdskrigen og fram til rock and roll slo gjennom i midten av 1950-åra.[2] Både de tidlege tradisjonelle smørsongar-stilen, i tillegg til den seinare meir avslappa veremåten var kraftig påverka av Bing Crosby, men det var knapt nokon som var meir populær enn Como tidleg i 1950-åra.[2]

Perry Como

Como på Perry Como Show kring 1956.
Fødd18. mai 1912(1912-05-18)
FødestadCanonsburg i Pennsylvania i USA
Død12. mai 2001 (88 år)
DødsstadJupiter Inlet Colony i Florida i USA
FødenamnPierino Ronald Como
OpphavUSA
Aktiv1932–1997
SjangerEasy listening, storband
InstrumentVokalist
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarFreddy Carlone Orchestra
Ted Weems Orchestra
PlateselskapDecca, RCA Victor
Verka somsongar, jazzmusikar, radioprogramleiar, TV-personlighet, skodespelar, plateartist
PrisarPeabody Award, Ridderordenen av den hellige grav i Jerusalem, Grammy Lifetime Achievement Award, Primetime Emmy Award, Kennedy Center Honors, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Han hadde sitt eige musikalske TV-show og var å sjå kvar veke på fjernsyn frå 1948 til 1963. Han fortsette så som vert for Kraft Music Hall fram til 1967.[3][4] Como gav ut fleire hitsinglar frå 1940- til 1970-åra.

Karriere endre

Como starta karrieren som syngjande barberer i heimbyen Canonsburg før han byrja å turnere med den lokale bandleiaren Freddie Carlone 21 år gammal. I midten av 1930-åra slo han gjennom med Ted Weems & His Orchestra, som leia eit populært radioshow kalla Beat the Band. Etter orkesteret vart oppløyst i 1942, leia Como eit regionalt CBS-show på radio kalla Supper Club. Suksessen til showet gav han kontrakt med RCA Victor Records i 1943, og han byrja å arbeide i Hollywood med Something for the Boys.[2]

Det verkelege gjennombrotet til Perry Como kom i 1945 med filmen A Song to Remember. Utgåva hans av «Till the End of Time» låg ti veker på toppen av poplista og vart den største hitten i USA det året.[2] Den drøymande barytonrøysta til Como fungerte særleg bra med balladar, og frå 1945 til 1947 gjekk til dømes «Prisoner of Love», «Surrender» og «Chi-Baba, Chi-Baba (My Bambino Go to Sleep)» alle til topps på salslista.[2] I 1948 vart han programleiar for eit nytt radiohow på NBC og gjekk same året over til fjernsyn med Chesterfield Supper Club. Showet tok raskt av og gav han til slutt fire Emmy-prisar. I midten av 1950-åra byrja Como å spele inn enkle, humoristiske songar, med tøysete titlar som «Bibbidi-Bobbidi-Doo», «Hoop-Dee-Doo», «Pa-Paya Mama» og «Hot Diggity (Dog Ziggity Boom)». Sjølv om han ofte mislikte songane, vart dei ofte store hittar.[2]

Dei luftige balladane til Como hadde fungert bra tidleg på tiåret, men populariteten dalte mot slutten av 50-talet, då rock & roll og ei ny bølgje tenåringsidol tok over. Den siste førsteplassen hans var «Catch a Falling Star» i 1958. Como var mykje mindre synleg i 1960-åra, men kom attende i 1970 med den første konserten sin på over to tiår, og følgde på med ein verdsturné. Ein singel, «It's Impossible» nådde til og med Topp 10 seint i 1970. Como fortsette å spele inn album og spelte stundom inn fjernsynsprogram både på i 1970- og 1980-åra. Como sovna inn i heimn sin i Florida den 12. mai 2001.

Kjelder endre

  1. Special Perry Como RCA Victor 10th Anniversary section. Billboard (Nielsen Business media). 4 July 1953. s. 18–24. Henta 4 April 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Perry Como på Allmusic. Vitja 30. januar 2018
  3. Morse, Jim (28 February 1960). «The Most Relaxing Show On Earth-Como And Crosby». The Miami News. s. 100. Henta 4 May 2010 – via Newspapers.com. 
  4. O'Brian, Jack (July 1, 1971). «Como Far From Retired But He Fishes A Lot». Sarasota Journal. s. 29. Henta 30. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Perry Como