Emmylou Harris

Emmylou Harris (fødd 2. april 1947) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og musikar. Ho har gjeve ut mange album og singlar i løpet av karrieren sin og vunne 14 Grammyprisar, Polarprisen og mange andre prisar, og er mellom anna innlemma i Country Music Hall of Fame. I 2018 fekk ho æresprisen til Grammy.[1]

Emmylou Harris
EmmylouHarrisGreenbeltPicnic.jpg
Emmylou Harris i 2011 i Ontario i Canada
Fødd2. april 1947 (73 år)
FødestadBirmingham i Alabama i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1969
Sjanger
Instrument
  • Vokal
  • gitar
Stemmetypesopran
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka somSongar, låtskrivar, musikar
Gift medBrian Ahern, Paul Kennerley
PrisarPolar Music Prize, Grammy Award, Country Music Association Awards, Billboard Music Awards, Americana Award for Duo/Group of the Year, Americana Award for Duo/Group of the Year, Americana Lifetime Achievement Award for Performance
Emmylou Harris i Rotterdam, 2006.

Arbeidet og innspelingane hennar omfattar arbeid som soloartist, ein bandleiar, ein tolkar av andre sin musikk, ein visesongar, og korvokalist og duettpartnar. Ho har arbeidd med mange andre artistar.

BiografiEndra

Tidlege årEndra

Harris er frå ein militærfamilie. Faren hennar, Walter Harris (1921–1993),[2] var offiser i Marine Corps og mor hennar, Eugenia (1921–2014),[3] var heimeverande. Faren sat ti månader som krigsfange i Korea i 1952. Harris var fødd i Birmingham i Alabama og voks opp i Nord-Carolina og Woodbridge i Virginia, der ho gjekk på Gar-Field Senior High School med gode karakterar. Ho vann eit dramastipend ved UNCG School of Music, Theatre and Dance ved University of North Carolina at Greensboro, der ho byrja å studere musikk, og lærte songar av Pete Seeger, Bob Dylan og Joan Baez på gitar. Ho droppa ut av college for å følgje ønskjet sitt om ein musikkarriere, og flytta til New York City, der ho arbeidde som servitør for livnære seg sjølv, medan ho framførte viser på kafear i Greenwich Village under visesong-boomen i 1960-åra.[4] Ho gifta seg med låtskrivaren Tom Slocum i 1969 og spelte inn det første albumet sitt, Gliding Bird. Harris og Slocum vart skilde etter kort tid, og Harris og den nyfødde dottera hennar Hallie flytta inn med foreldra sine i Clarksville i Maryland, ein forstad nær Washington, D.C.[4][5][6]

Med Gram ParsonsEndra

Harris byrja etter kort tid å spele att som ein del av ein trio i lag med Gerry Mule og Tom Guidera. I 1971 såg medlemmar av countryrockgruppa The Flying Burrito Brothers henne spele. Det tidlegare Byrds-medlemmet Chris Hillman hadde teke over bandet og var imponert av Harris, og tenkte på å be ho med i The Flying Burrito Brothers. I staden tilrådde Hillman ho til Gram Parsons, som såg seg om etter ein kvinneleg vokalist å samarbeide med på det første soloalbumet sitt, GP. Harris turnerte som medlem av bandet til Parsons, The Fallen Angels, i 1973, og paret skein på vokalharmoniane og duettane sine. Seinare det året arbeidde Parsons og Harris på eit anna studioalbum, Grievous Angel. Parsons døydde på motellrommet sitt nær det som no er Joshua Tree nasjonalpark den 19. september 1973, av ein uheldig overdose av narkotika og alkohol.[7] Grievous Angel kom ut posthumt i 1974 og tre spor til frå denne innspelinga med Harris kom ut på eit anna posthumt Parsons-album, Sleepless Nights, i 1976. Eit album til med innspelingar frå denne perioden kom ut som Live 1973 i 1982.

The Hot BandEndra

 
Hot Band-medlemmet James Burton.

Talentspeideren Mary Martin i Warner Brothers introduserte Harris for den kanadiske produsenten Brian Ahern, som produserte det første albumet hennar på eit større selskap, Pieces of the Sky, som kom i 1975 på Reprise Records. Albumet var overraskande eklektisk, særskild etter Nashville-standarden, med coverversjonar av The Beatles sin «For No One», Merle Haggard sin «Tonight the Bottle Let Me Down» og The Louvin Brothers sin «If I Could Only Win Your Love». Det inneheld òg «Bluebird Wine», ein komposisjon skriven av ein ung låtskrivar frå Texas med namn Rodney Crowell, som var den første av ei lang rekkje låtskrivarar som Harris fekk fram i lyset. Innspelinga var ei av dei dyraste countryplatene som var lag på den tida, med musikarar som James Burton, Glen Hardin, Ron Tutt, Ray Pohlman og Bill Payne, i tillegg til to spor («Before Believing» og «Queen of the Silver Dollar») som vart spelt inn med The Angel Band. Det kom ut to singlar: «Too Far Gone», som først nådde 73. plassen på singellista (og 13. plassen i ei nyutgjeving i 1979), og den største hitten til Harris, «If I Could Only Win Your Love», som vart sungen i ein duett med Herb Pedersen (som seinare skipa The Desert Rose Band). Denne singelen nådde fjerdeplassen.

Sjefane i Warner Bros. Records (som eigde Reprise Records) sa til Harris at dei skulle gå med på å sende ho i studio om ho «fekk tak i eit 'hot band'». Det gjorde Harris og fekk med seg gitarist James Burton og pianisten Glen Hardin, som begge hadde spelt med Elvis Presley og Parsons. Burton var ein kjend gitarist, som byrja i bandet til Ricky Nelson i 1950-åra, og Hardin hadde vore medlem av The Crickets. Andre Hot Band-medlemmar var trommeslagaren John Ware, pedalsteelgitaristenHank DeVito og bassisten Emory Gordy jr., som Harris hadde arbeidd med i lag med Parsons. Songaren og låtskrivaren Crowell var rytmegitarist og duettpartnar.[8] Den første turneen til Harris følgde i stor grad Elvis Presley sin, sidan Burton og Hardin begge framleis spelte med Presley.

Elite Hotel, kom ut i desember 1975 og synte at Pieces of the Sky ikkje berre var eit blaff. Det var uvanleg for countryalbum på denne tida, som vanlegvis var bygd opp kring ein hitsingel, å basere på same tilnærming som den album-orienterte rockemarknaden. I forhold til kunstnarisk kvalitet stod spor som «Sin City», «Wheels» og «Till I Gain Control Again», som ikkje var singlar, lett opp mot spor som «Together Again», «Sweet Dreams» og «One of These Days», som var singlar. Elite Hotel gjekk til topps på countryalbumlista i USA, og gjorde det òg tåleleg bra hos rockepublikumet. Harris appellert til dei som normalt mislikte at countrymarknaden trekte i popretninga («Together Again» og «Sweet Dreams» toppa begge countrylista). Elite Hotel vann ein Grammy i 1976 for beste countrysong av ei kvinne.

Ryktet til Harris som gjesteartist vart stadig betre. Ho bidrog til album av Linda Ronstadt, Guy Clark og Neil Young, og ho vart henta inn av Bob Dylan for å syngje på albumet hans Desire. Harris filma ein av studiosekvensane i The Band-filmen The Last Waltz, der ho song «Evangeline».

Burton slutta i Hot Band i 1976 og valde å bli verande i bandet til Elvis Presley, og vart erstatta av den engelske gitaristen Albert Lee. Det kommersielle høgdepunktet til Harris var Luxury Liner, som kom ut i 1977. Det vert rekna som eit av dei definitive albuma hennar. På Luxury Liner miksa Harris songar frå Chuck Berry («(You Never Can Tell) C'est la Vie»), Gram Parsons (tittelsporet og «She»), The Carter Family («Hello Stranger») og Kitty WellsMaking Believe») som illustrerte ein kontinuitet og kunstnarisk bragd innan country som ofte vart oversett på den tida. Likevel var det mange fans som venta seg fleire originale songar og ho vart kjend som ein coverartist. Trass i topp 10-singlar med «C'est la Vie» og «Making Believe», var den mest kjende songen frå albumet ein coverversjon av Townes Van Zandt-songen «Pancho & Lefty», som vart ein stor hitt for Willie Nelson og Merle Haggard i 1983. Mot slutten av 1977 slutta Crowell i Hot Band for å satse på ein solokarriere, og vart erstatta av bluegrass-musikaren og songaren Ricky Skaggs.

Quarter Moon in a Ten Cent Town signaliserte ei viss endring frå dei tre tidlegare albuma til Harris. I staden for å blande klassiske countrysongar med moderne songar, består albumet hovudsakleg av nyskrivne songar skrivne av ei lang rekkje låtskrivarar. «Two More Bottles of Wine», skriven av Delbert McClinton, vart den tredje førsteplassen til Harris. «To Daddy», skriven av Dolly Parton, nådde tredjeplassen, og ein tredje singel, «Easy from Now On», nådde topp 20. Albumet inkluderte to songar av Crowell («I Ain't Living Long Like This» og «Leaving Louisiana in the Broad Daylight»), to av låtskrivaren Jesse Winchester («Defying Gravity» og «My Songbird») og ein av Utah Phillips («Green Rolling Hills»).

Roots-plateneEndra

 
Harris på scenen i San Francisco i 2005.

I januar 1977 gifta Harris seg med Brian Ahern.[4] Dottera deira, Meghann, var fødd i 1979, som den andre dottera til både Harris og Ahern.

På denne tida spelte og gav Harris ut tre studioalbum som tok eit steg mot tradisjonell country (på ei tid då ålmenta byrja å omfamne ein meir polert, Urban Cowboy-stil). Retninga attende til røtene var dominerande på det Grammy–vinnande albumet Blue Kentucky Girl. Utanom ein versjon av The Drifters-songen «Save the Last Dance for Me», bestod albumet hovudsakleg av klassiske countrysongar i same stil som Loretta Lynn og Kitty Wells. Det er eit av hennar mest akta album med songar som The Louvin Brothers sin «Everytime You Leave», Willie Nelson sin «Sister's Coming Home» og Gram Parsons sin «Hickory Wind». Wesley Rose tok særskild interesse i Harris si innspeling av «Beneath Still Waters», som gjekk til topps på countrylista.

Julealbumet Light of the Stable kom ut i 1979. På tittelsporet syng Dolly Parton, Linda Ronstadt og Neil Young korvokal. Harris hadde arbeidd sporadisk med alle desse sidan midten av 1970-pra, og fortsette å spele med dei innimellom dei neste 30 åra. I 1980-åra utforska Harris countryhistoria vidare med det bluegrass-orienterte albumet Roses in the Snow, med Ricky Skaggs, Tony Rice, Albert Lee, Emory Gordy jr. og Jerry Douglas. Harris si utgåve av den tradisjonelle «Wayfaring Stranger» og Paul Simon sin «The Boxer» var sterke singlar.

I 1980 spelte Harris inn «That Lovin' You Feelin' Again» med Roy Orbison. Duetten vart ein topp 10-hit på både country- og Adult Contemporary-lista. For denne fekk dei Grammyprisen for beste countrysong av ein duo eller ei gruppe. Harris song på konseptalbumet til Paul Kennerley, The Legend of Jesse James, der både Levon Helm frå The Band og Johnny Cash òg spelte.[9]

Popsuksess og arbeid som låtskrivarEndra

I 1981 gjekk innspelingane til Harris inn på topp 40 på Billboard si popliste med ein coverversjon av «Mister Sandman». Denne nådde òg topp 10 på country- og Adult Contemporary-lista. Songen kom frå albumet Evangeline. Albumversjonen av songen var eit spor frå Trio-innspelinga med Dolly Parton og Linda Ronstadt, men selskapa til verken Parton eller Ronstad gav løyve til at vokalen til artistane deira vart nytta på singelen, så Harris spelte inn songen på nytt. Ho gav òg ut det neste albumet sitt, Cimarron, det same året.

Harris flytta til Nashville i 1982. White Shoes i 1983 inneheld både ei rocka utgåve av «Diamonds Are a Girl's Best Friend» med ein coverversjon av Donna Summer-songen «On the Radio», i tillegg til songar frå ei mangfaldig gruppe låtskrivarar som Hot Band-medlemmet Crowell, Sandy Denny og T-Bone Burnett. Det var det siste albumet hennar som vart produsert av Brian Ahern før All I Intended to Be i 2008.

Albuma Harris hadde gjeve ut til no inneheld få av hennar eigne songar, men i 1985 kom hennar eiga låtskriving meir i fokus med utgjevinga av konseptalbumet The Ballad of Sally Rose, der ho var medlåtskrivar på alle songane. Albumet var dels sjølvbiografisk, og laust basert på forholdet hennar til Parsons. Harris skildra det som ein «countryopera», og ein «ein stor kommersiell katastrofe».[10] Medlåtskrivaren hennar og produsenten på albumet var den engelske musikaren Paul Kennerley, som hadde skrive hitsinglane hennar «Born to Run» (på Cimarron i 1981) og «In My Dreams» (på White Shoes). Kennerley produserte òg det neste albumet hennar, Thirteen. Dei gifta seg i 1985 og vart skilde i 1993.

Harris spelte første gongen på radioshowet A Prairie Home Companion i 1985 og kom attende her mange gonger.[11]

I 1987, nesten eit heilt tiår etter det første forsøket deira, slo Harris seg saman med Dolly Parton og Linda Ronstadt for det etterlengta Trio-albumet. Albumet vart det bestseljande i karrieren til Harris og låg fem veker på toppen av countryalbumlista i USA. Det nådde òg topp 10 på popalbumlista og selde fleire millionar eksemplar. Det gav dei òg fire topp 10-hittar der «To Know Him Is To Love Him» gjekk heilt til topps på countrylista. Innspelinga vart nominert for årets album under Grammyutdelinga året etter, som det året gjekk til U2 for The Joshua Tree). Dei vann derimot prisen for beste song av duo eller gruppe og songen «Telling Me Lies» av Linda Thompson nådde tredjeplassen på countrylista og vart nominert til beste countrysong.

Harris gav òg ut eit soloalbum i 1987, Angel Band, med tradisjonelle gospelsongar. Her arbeidde ho med den nye countrystjerna Vince Gill og andre. I 1989 spelte ho inn to songar med Nitty Gritty Dirt Band på albumet deira Will the Circle Be Unbroken: Volume II. I eit klipp med studioprat på eit av spora snakka ho om starten av karrieren hennar og korleis musikken hadde endra seg:

« Mange år sidan opplevde eg å sitje i ei stove med mange folk og song og spelte, og det var ei andeleg oppleving. Det var veldig fint. Og eg fann ut at det var dette eg ville gjere i livet mitt, å spele musikk. I løpet av åra trur eg me har blitt litt for tekniske når me lagar plate, litt for oppteken av ting skal bli perfekt. Me har mista stova. Stova har forsvunne med musikken, men i dag kjennest det som om me har fått stova attende. »

I 1989 kom Bluebird, med bidrag frå Marty Stuart, Bonnie Raitt og Kate & Anna McGarrigle, med singlane «Heartbreak Hill», son nådde åttandeplassen på den amerikanske countrylista, og «Heaven Only Knows», som bådde 16. plassen. Det er den siste topp 20-singelen i karrieren til Harris. Brand New Dance kom året etter og fekk god kritikk, men markerte eit fall på salslistene og vart mindre spelt på radio.

Kring 1991 oppløyste ho The Hot Band og skipa eit nytt band med akustiske musikarar — Sam Bush på fele, mandolin og vokal, Roy Huskey jr. på bass og vokal, Larry Atamanuik på trommer, Al Perkins på banjo, gitar, dobro og vokal, og Jon Randall på gitar, mandolin og vokal — som ho kalla The Nash Ramblers. Dei spelte inn eit konsertalbum i 1992 i Ryman Auditorium Nashville, som gav ho ein Grammy og som førte til at spelestaden vart restaurert for åtte millionar dollar. Det var det siste albumet hennar på Reprise Records. Ho har vore medlem av Grand Ole Opry sidan 1992.[12][13]

Nye retningarEndra

I 1990-åra vart Harris mindre spelt på countrystasjonar på radio, som byrja å fokusere på yngre countryartistar. Som med Brand New Dance, fekk Cowgirl's Prayer frå 1993 — det første studioalbumet til Harris på Elektra Records — god kritikk, men vart lite spelt på radio,[14] og den første singelen, «High Powered Love» nådde berre 63. plassen på countrylista. Dette gjorde at ho tok karrieren sin i ei ny retning. I 1995 bidrog Emmylou Harris regelmessig til den originale BBC-serien Transatlantic Sessions, der ho spelte live med forskjellige vise- og countrymusikarar, som hovudsakleg spelte musikk frå Skottland, Irland, England og Nord-Amerika.[15]

I 1995 gav Harris ut eit av dei mest kritikarroste albuma det tiåret, Wrecking Ball, produsert av Daniel Lanois, som var mest kjend for arbeidet sitt med U2, Peter Gabriel og Bob Dylan. Det var eit eksperimentelt album for Harris med ei utgåve av Neil Young–songen med same namn som albumet. Young sjølv song vokal på to av songane. Ho spelte òg inn Steve Earle sin «Goodbye», Julie Miller sin «All My Tears», Jimi Hendrix sin «May This Be Love», Anna McGarrigle sin «Goin' Back to Harlan» og Gillian Welch sin «Orphan Girl». U2-medlemmet Larry Mullen jr. spelte trommer på albumet. Albumet vart nesten ikkje spelt på countryradio i det heile, men vart i staden ein del spelt på alternativ rock-radio og gav ho lyttarar som ikkje hadde høyrt musikken hennar før.

Harris tok så Wrecking Ball med seg ut på vegen og gav ut konsertalbumet Spyboy i 1998, i lag med ein trio som bestod av Nashville-produsenten, låtskrivaren og gitaristen Buddy Miller og to musikarar frå New Orleans, trommeslagaren Brady Blade og bassisten og vokalisten Daryl Johnson. I tillegg til at dei spelte songar frå Wrecking Ball, inneheld albumet oppdaterte versjonar av tidlegare hittar, som «Boulder to Birmingham».

I 1998 song ho på det stemningsfulle og nakne Willie Nelson-albumet Teatro, produsert av Lanois.[16]

Sommaren 1997 og 1998 song Harris på turnéfestivalen til Sarah McLachlan, Lilith Fair, som berre bestod av kvinnelege artistar.

I januar 1999 gav Harris ut Trio 2 med Parton og Ronstadt. Mykje av albumet var eigentleg spelt inn i 1994, men kom ikkje ut på nesten fem år på grunn av strid mellom plateselskapa, personell og ulike prioriteringa til dei tre artistane. Trio 2 læt langt meir moderne ut enn føregangaren og selde til gullplate. Det inneheld ein versjon av Neil Young-klassikaren «After the Gold Rush», som det vart laga ein populær musikkvideo til og som vann ein Grammy for beste countrysamarbeid med vokal. Harris og Ronstadt gav så ut duettalbumet Western Wall: The Tucson Sessions, seinare same året. Dei to superstjernene turnerte i lag denne hausten for å marknadsføre albumet. Begge albuma nådde topp 10 på countrylista og gjorde det godt på poplista.

I 1999 hylla Harris òg den tidlegare duettpartnaren sin Gram Parsons med å fungere som ein av dei leiande produsentane på Return of the Grievous Angel: A Tribute to Gram Parsons, eit album der meir enn eit dusin artistar spelte på. Harris song duettar med Beck, Sheryl Crow og The Pretenders.

I 2000 gav Harris ut oppfølgjaren sin til soloalbumet Wrecking Ball, Red Dirt Girl, produsert av Lanois-protesjeen Malcolm Burn. For første gongen sidan The Ballad of Sally Rose, inneheld albumet ein av Harris sine eigne komposisjonar. Som Wrecking Ball lente albumet meir mot alternativ rock enn country. Det nådde likevel femteplassen på countryalbumlista til Billboard og 54. plassen på poplista. Det gav òg Harris ein av dei 13 Grammyprisane hennar, i kategorien beste moderne folkealbum.

Harris song òg med alternativ country-songaren Ryan Adams på den første soloplata hans, Heartbreaker og på det femte albumet til Tracy Chapman, Telling Stories.

I 2000 song Harris òg med eit stjernelag av tradisjonelle country-, folkemusikk- og bluesartistar for den T-Bone Burnett–produserte filmmusikken til Coen Brothers-filmen, O Brother, Where Art Thou? Albumet vann fleire CMA-, ACM- og Grammy-prisar. Det kom òg ein dokumentar- og konsertfilm, Down from the Mountain, der artistane framfører musikk frå filen og andre songar i Ryman Auditorium. Harris og mange av dei same artistane tok showet ut på vegen for Down from the Mountain-turneen i 2002. I 2003 hjelpte Harris til med harmonisong for Dixie Chicks på ein song dei spelte inn studio, «Godspeed».

Seinare arbeidEndra

Harris gav ut Stumble into Grace, oppfølgjaren til Red Dirt Girl, i 2003. Som føregangaren bestod det hovudsakleg av sjølvskrivne songar. In 2004, Harris led the Sweet Harmony Traveling Revue with Gillian Welch, David Rawlings, Buddy Miller og Patty Griffin. They performed singly and together and swapped instruments.

9. september 2005 deltok Harris på «Shelter from the Storm: A Concert for the Gulf Coast», ei rekkje konsertar som vart sende samstundes på amerikanske TV-stasjonar for å samle inn pengar for offera etter orkanen Katrina og orkanen Rita. Ho spelte med Beth Nielsen Chapman og Dixie Chicks, og harmoniserte på Patty Griffin-songen «Mary». Ho lånte òg røysta si til filmmusikken til den kritikarrosten filmen Brokeback Mountain i 2005, på songen «A Love That Will Never Grow Old», som på kontroversielt vis vart utelate til vurdering for Oscarprisen fordi han vart spelt for lite i løpet av filmen.

 
Harris på scenen i Rotterdam i Nederland (2006).

I 2005 arbeidde Harris med Conor OberstBright Eyes-albumet I'm Wide Awake, It's Morning, der ho song korvokal på tre spor. I juli vart ho med Elvis Costello på fleire konsertar på den amerikanske turneen hans, og spelte i lag med Costell og bandet hans på fleire songar kvar kveld. Same månaden kom albumet The Very Best of Emmylou Harris: Heartaches & Highways, som dekka heile karrieren hennar, på Rhino Entertainment. Det same året var Harris gjestevokalist på det kritikarroste Neil Young-albumet Prairie Wind. Ho var òg med i Jonathan Demme-dokumentar- og konsertfilmen Neil Young: Heart of Gold, som kom i 2006.

 
Harris på scenen med Mark Knopfler i Nederland.

All the Roadrunning, var eit samarbeidsalbum med den tidlegare Dire Straits-frontmannen Mark Knopfler, utgjeve i april 2006 og marknadsført med ein turné i Europa og USA. Albumet vart ein suksess og nådde åttandeplassen på den britiske albumlista og 17. plassen i USA. Eit utval av innspelignar frå All the Roadrunning-turneen i Gibson Amphitheatre kom ut på ein CD og DVD kalla Real Live Roadrunning i november 2006. I tillegg til fleire komposisjonar som Harris og Knopfler spelte inn i lag i studio, inneheld Real Live Roadrunning solohittar av begge to i duoen, i tillegg til nokre klassikarar frå tida til Knopfler i Dire Straits.

Harris var med på A Tribute to Joni Mitchell, som kom ut 24. april 2007. Harris spelte inn songen «The Magdalene Laundries» (opphavleg på Mitchell-albumet Turbulent Indigo i 1994). Ho song «Another Pot o' Tea» med Anne Murray på Murray-albumet Anne Murray Duets: Friends and Legends, som kom ut 13. november 2007, i Canada og 15. januar 2008 i USA.

Harris skreiv ein song kalla «In Rodanthe» for filmen Nights in Rodanthe i 2008.

 
Harris og Red Dirt Boys med Phil Madeira og Rickie Simpkins i 2008.

Soloalbumet All I Intended to Be, kom ut 10. juni 2008, til god kritikk. Det nådde topp fem på countrylista til Billboard og topp 20 på poplista. Albumet hadde bidrag frå Buddy Miller, McGarrigle-systrene, Vince Gill, Phil Madeira og Dolly Parton. Harris turnerte med eit ensemble som ho kalla The Red Dirt Boys, med Phil Madeira på trekkspel, gitar og klaverinstrument, Colin Linden på gitar og banjo, Rickie Simpkins på mandolin og fele, Chris Donohue på bass og Bryan Owings på trommer.[17] Miller var ikkje med, då han turnerte med Robert Plant, Alison Krauss og T-Bone Burnett på den tida. I 2009 turnerte Harris med Patty Griffin, Shawn Colvin og Miller som «Three Girls and Their Buddy». Madeira, Simpkins og Donohue spelte med ho seint i 2008 og 2009, og var med på «A Prairie Home Companion» og på MerleFest og Telluride Bluegrass Festival. I september 2009 vart Owings og Miller med att i Red Dirt Boys for resten av 2009.

I 2010 kom Harris saman att med den seinaste versjonen av Red Dirt Boys — Madeira, Owings, Donohue og Simpkins — for Lilith Fair-konsertar på sommaren og ein haustturné i USA.

Harris song korvokal på eit album av Bonnie Tyler i 2011. 26. april same året kom soloalbumet Hard Bargain ut på Nonesuch. Det nådde tredjeplassen på Billboard's Country Albums-lista, som var den høgaste plasseringa hennar sidan 1980. Albumet gjekk òg inn på topp 20 på popalbumlista.

I 2011 gv ho ut ein versjon av songen «To Ohio» i lag med det amerikanske indie-folkbandet The Low Anthem. Seinare i 2011 samarbeidde ho med Nick Cave på filmmusikken til John Hillcoat-filmen Lawless.

Old Yellow Moon var eit album med duettar av Harris og det tidlegare Hot Band-medlemmet Rodney Crowell, som kom ut 26. februar 2013.[18] Det vart nok eit topp 10-album for ho på countrylista og i 2014 vann ho den 13. Grammyprisen for albumet.

The Traveling Kind var eit anna samarbeid med Rodney Crowell som kom ut 12. mai 2015 på Nonesuch Records.[19] Det gav paret den andre Americana Music Award for duo/gruppe det året, og to Grammy-nominasjonar.

I 2016 vart Harris æra med ein hyllestkonsert kalla The Life & Songs of Emmylou Harris, som seinare kom ut på både DVD og CD. Fleire av dei næraste venene og samarbeidspartnarane til Harri spelte på konserten, som Rodney Crowell, Buddy Miller, Patty Griffin, Lucinda Williams, Alison Krauss, Lee Ann Womack, Martina McBride, Vince Gill og Sheryl Crow.[20] Harris framførte tre songar på konserten: «Gone, Long Gone» (med John Starling), «Blackhawk» (med Daniel Lanois) og «Boulder to Birmingham» med alle musikarane.

Personleg livEndra

Harris har vore gift tre gonger. Ekteskapet med Tom Slocum varte frå 1969 til 1970 og dei fekk eit barn i lag, Mika Hallie Slocum, fødd 15. mars 1970. Frå 1977 til 1984 var ho gift med Brian Ahern, og dei fekk òg eit dotter i lag, Megan Ahern, fødd 9. september 1979.[21] Frå 1985 til 1993 var ho gift med Paul Kennerley.[22]

I april 2009 vart Harris bestemor til Prudence.[23]

PrisarEndra

GrammyprisarEndra

Harris har vore nominert til Grammyprisen 48 gonger og vunne 14 av dei.

År Kategori Nominert verk Resultat
1976 Beste kvinnelege countrysong If Only I Could Win Your Love Nominert
1977 Beste kvinnelege popsong Here, There and Everywhere Nominert
Beste kvinnelege countrysong Elite Hotel Vinnar
1978 Beste kvinnelege countrysong Making Believe Nominert
1979 Beste kvinnelege countrysong Quarter Moon in a Ten Cent Town Nominert
1980 Beste kvinnelege countrysong Blue Kentucky Girl Vinnar
1981 Beste countrysong av ein duo eller ei gruppe That Lovin' You Feelin' Again med Roy Orbison Vinnar
Beste kvinnelege countrysong Roses in the Snow Nominert
1982 Beste countrysong av ein duo eller ei gruppe If I Needed You med Don Williams Nominert
1983 Beste kvinnelege countrysong Cimarron Nominert
Beste countrysong av ein duo eller ei gruppe Love Hurts med Gram Parsons Nominert
1984 Beste kvinnelege countrysong Last Date Nominert
1985 Beste kvinnelege countrysong In My Dreams Vinnar
1986 Beste kvinnelege countrysong The Ballad of Sally Rose Nominert
1987 Årets album Trio med Dolly Parton og Linda Ronstadt Nominert
Beste countrysong av ein duo eller ei gruppe Trio med Dolly Parton og Linda Ronstadt Vinnar
Beste kvinnelege countrysong Today I Started Loving You Again Nominert
1988 Beste countrysamarbeid med vokal You Are med Glen Campbell Nominert
Beste kvinnelege countrysong Angel Band Nominert
1989 Beste kvinnelege countrysong Back in Baby's Arms Nominert
Beste countrysamarbeid med vokal We Believe in Happy Endings med Earl Thomas Conley Nominert
1990 Beste kvinnelege countrysong Bluebird Nominert
Beste countrysamarbeid med vokal Will the Circle Be Unbroken med Roy Acuff, Johnny Cash, Levon Helm, Ricky Skaggs og Nitty Gritty Dirt Band Nominert
1992 Beste countrysong av ein duo eller ei gruppe At the Ryman med Nash Ramblers Vinnar
1992 Beste countryinstrumental Scotland (frå At the Ryman) med Nash Ramblers Nominert
1994 Beste kvinnelege countrysong High Powered Love Nominert
1995 Beste moderne folkealbum Wrecking Ball Vinnar
1998 Beste countrysamarbeid med vokal Same Old Train med Alison Krauss, Clint Black, Dwight Yoakam, Earl Scruggs, Joe Diffie, Marty Stuart, Merle Haggard, Pam Tillis, Patty Loveless, Randy Travis, Ricky Skaggs & Travis Tritt Vinnar
1999 Beste kvinnelege countrysong Love Still Remains Nominert
Beste moderne folkealbum Spyboy Nominert
2000 Beste moderne folkealbum Western Wall: The Tucson Sessions with Linda Ronstadt Nominert
Beste countryalbum Trio II med Dolly Parton og Linda Ronstadt Nominert
Beste countrysamarbeid med vokal After the Gold Rush med Dolly Parton og Linda Ronstadt Vinnar
2001 Beste moderne folkealbum Red Dirt Girl Vinnar
Beste kvinnelege countrysong Ordinary Heart Nominert
2002 Årets album O Brother, Where Art Thou? med Ymse artistar Vinnar
Beste countrysamarbeid med vokal Didn't Leave Nobody But the Baby med Alison Krauss og Gillian Welch Nominert
2003 Beste countrysamarbeid med vokal Flesh and Blood med Mary Chapin Carpenter og Sheryl Crow Nominert
2004 Beste moderne folkealbum Stumble Into Grace Nominert
2006 Beste kvinnelege countrysong The Connection Vinnar
Beste countrysamarbeid med vokal Shelter from the Storm med Rodney Crowell Nominert
2007 Beste moderne folkealbum All The Roadrunning med Mark Knopfler Nominert
2009 Beste moderne folkealbum All I Intended To Be Nominert
2012 Beste Americana-album Hard Bargain Nominert
2014 Beste Americana-album Old Yellow Moon med Rodney Crowell Vinnar
2016 Beste Americana-album The Travelling Kind med Rodney Crowell Nominert
Beste amerikanske roots-song The Travelling Kind med Rodney Crowell og Cory Chisel Nominert
2018 Grammy Lifetime Achievement Award N/A Vinnar

Country Music Association AwardsEndra

CMA Awards gjev prisar til det beste innan countryindustrien. Harris har vunne tre prisar ut av 24 nominasjonar.

År Kategori Nominert verk Resultat
1976 Årets kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1977 Årets kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1978 Årets kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1979 Årets kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1980 Årets album Roses in the Snow Nominert
1981 Årets kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1982 Årets vokalduo Emmylou Harris & Don Williams Nominert
Årets kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1983 Årets kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
Årets vokalduo Emmylou Harris & Don Williams Nominert
1984 Årets kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
Årets vokalduo Emmylou Harris & Don Williams Nominert
1980 Årets kvinnelege vokalist Emmylou Harris Vinnar
1985 Årets kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1986 Årets kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1987 Årets album Trio med Dolly Parton og Linda Ronstadt Nominert
Årets kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1988 Årets vokalhending Trio med Dolly Parton og Linda Ronstadt Vinnar
Årets vokalhending We Believe in Happy Endings med Earl Thomas Conley Nominert
1990 Årets vokalhending Gulf Coast Highway med Willie Nelson Nominert
1999 Årets vokalhending Trio II med Dolly Parton og Linda Ronstadt Nominert
Årets vokalhending Same Old Train med Clint Black, Joe Diffie, Merle Haggard, Alison Krauss, Patty Loveless, Earl Scruggs, Ricky Skaggs, Marty Stuart, Pam Tillis, Randy Travis, Travis Tritt og Dwight Yoakam Nominert
2001 Årets album O Brother, Where Art Thou? med Ymse artistar Vinnar
Årets vokalhending Didn't Leave Nobody but the Baby med Alison Krauss og Gillian Welch Nominert

Academy of Country Music AwardsEndra

ACM Awards gjev prisar innan country. Harris har vore nominert tolv gonger og vunne to prisar.

År Kategori Nominert verk Resultat
1975 Mest lovande kvinnelege artist Emmylou Harris Nominert
1976 Beste kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1977 Beste kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1979 Årets album Blue Kentucky Girl Nominert
1980 Beste kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1981 Beste kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
Beste duett Emmylou Harris & Don Williams Nominert
1984 Beste kvinnelege vokalist Emmylou Harris Nominert
1987 Årets album Trio med Dolly Parton og Linda Ronstadt Vinnar
1998 Årets vokalhending Same Old Train med Clint Black, Joe Diffie, Merle Haggard, Alison Krauss, Patty Loveless, Earl Scruggs, Ricky Skaggs, Marty Stuart, Pam Tillis, Randy Travis, Travis Tritt og Dwight Yoakam Nominert
2003 Årets vokalhending Young Man's Town with medVince Gill Nominert
2011 Cliffie Stone Pioneer Award Emmylou Harris Vinnar

International Bluegrass Music Association AwardsEndra

International Bluegrass Music Association gjev prisar innan bluegrass. Harris har fått fem prisar for bidraga sine til eit hyllestalbum for Louvin Brothers, eit album med Nitty Gritty Dirt Band og eit filmmusikkalbum.

År Kategori Nominert verk Resultat
2001 Årets album O Brother, Where Art Thou? Vinnar
2002 Årets album Down from the Mountain Vinnar
2003 Årets innspeling Will the Circle Be Unbroken, Volume III Vinnar
2004 Årets album Livin', Lovin', Losin': Songs of the Louvin Brothers Vinnar
2004 Årets innspeling Livin', Lovin', Losin': Songs of the Louvin Brothers Vinnar

Americana Music Association AwardsEndra

Americana Music Honors & Awards gjev prisar innan Americana-musikk. Av fem nominasjonar har Harris vunne fire.

 
Harris vart æresdoktor i musikk ved Berklee School of Music i 2009.
År Kategori Nominert verk Resultat
2002 Ærespris Emmylou Harris Vinnar
2013 Årets duo/gruppe Emmylou Harris & Rodney Crowell Vinnar
Årets artist Emmylou Harris Nominert
Årets album Old Yellow Moon with Rodney Crowell Vinnar
2016 Årets duo/gruppe Emmylou Harris & Rodney Crowell Vinnar

Satellite AwardsEndra

Satellite Awards gjev prisar innan film og fjernsyn. Harris har vunne ein pris.

År Kategori Nominert verk Resultat
2005 Best originale songar «A Love That Will Never Grow Old» Vinnar

AnnaEndra

DiskografiEndra

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Emmylou Harris.

KjelderEndra

  1. «Queen, Tina Turner to Receive Grammy Lifetime Achievement Award». Rolling Stone. Henta 8. mars 2018
  2. «Maj. Walter Rutland «Bucky» Harris, USMC (Ret).». Geni.com. 
  3. «Eugenia «Gigi» Harris». Geni.com. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Arrington, Carl (15. november 1982). «Singer Emmylou Harris and Producer Brian Ahern Make (and Record) Beautiful Music Together». People Magazine (Vol. 18 No. 20). Henta 9. november 2020. 
  5. «Charlie Rose Show» 25. juni 2008
  6. «Maj. Walter Rutland 'Bucky' Harris, USMC (Ret.)». Military Officers Association of America. Arkivert frå originalen 9. november 2020. Henta 9. november 2020. 
  7. «Emmylou Harris From a Deeper Well 2004» (Video). BBC. Henta 9. november 2020. 
  8. «The Hot Band». Emmylou.net. 3. april 1975. Arkivert frå originalen 27. november 2014. Henta 9. november 2020. 
  9. «Levon Helm & Various Artists: The Legend of Jesse James». Theband.hiof.no. Henta 9. november 2020. 
  10. Keast, James (June 2008). «Questionnaire: Emmylou Harris». Exclaim.ca. Henta 9. november 2020. 
  11. «Archive Fun: Emmylou Harris». 26. februar 2013. 
  12. «EmmyLou Harris». Grand Ole Opry. Henta 9. november 2020. 
  13. «Opry Member List PDF» (PDF). 23. april 2012. Arkivert frå originalen (PDF) 7. juni 2012. Henta 9. november 2020. 
  14. Cromelin, Richard (11. april 1996). «Q & A with Emmylou Harris: Singing with a Voice That's Always True to Her Heart». Los Angeles Times. Henta 9. november 2020. 
  15. «BBC Four – Transatlantic Sessions, Series 1 – Episode guide». BBC. Henta 9. november 2020. 
  16. Cromelin, Richard (5. september 1998). «Willie Nelson, «Teatro,» Island.». Los Angeles Times. Henta 9. november 2020. 
  17. Varga, George (31. juli 2008). «'I'm a storyteller'». The San Diego Union-Tribune. Henta 9. november 2020. 
  18. «Emmylou Harris, Rodney Crowell Duet on 'Hanging Up My Heart' Song Premiere | Music News». Rolling Stone. 4. desember 2012. Henta 9. november 2020. 
  19. «Emmylou Harris and Rodney Crowell’s «The Traveling Kind» to Be Released May 12 on Nonesuch Records». Nonenuch «Journal». 25. mars 2015. Henta 9. november 2020. Crowell adds, 'Emmy and I wrote six of the eleven songs on The Traveling Kind.' 
  20. «The Life & Songs Of Emmylou Harris». Blackbirdpresents.com. Arkivert frå originalen 1. januar 2017. Henta 9. november 2020. 
  21. Harrington, Richard (27. mars 1985). «The Ballad of Emmylou». The Washington Post. 
  22. https://people.com/archive/emmylou-harris-vol-35-no-1/ Emmylou Harris
  23. «All for the Hall California benefit concert review – NashvilleGab – Country music news and Nashville celebrity gossip». NashvilleGab. 6. oktober 2009. Arkivert frå originalen 19. juli 2014. Henta 9. november 2020. 
  24. Considine, J.D. (25. juli 1999). «Ranking the women of 'rock'; VH1's list of the 100 greatest female rockers will cause arguments -- and maybe that's the point.». The Baltimore Sun. Henta 9. november 2020. 
  25. VH1 – 100 Greatest Women Of Rock & Roll. VH1 (YouTube). 29. juli 1999. 21:50 minutes in. Henta 9. november 2020. 
  26. [1] Arkivert 7. november 2012 ved Wayback Machine.
  27. Staff writers (28. august 2002). «Music: 40 Greatest Women Announced (alphabetical)». CMT. Henta 9. november 2020. 
  28. CMT 40 Greatest Women Of Country Pt 13 (6, 5). CMT (YouTube). 30. august 2002. 3:49 minutes in. Henta 9. november 2020. 
  29. Morris, Edward (28. april 2008) CMT News: Emmylou Harris, Ernest V. «Pop» Stoneman Enter Country Music Hall of Fame. Henta 9. november 2020.
  30. Edwards, Margot (7. oktober 2009). «Emmylou Harris Receives Berklee Honorary Doctorate». Berklee News. Henta 9. november 2020. 
  31. «Powerful Country Women Getting Stars on Hollywood Walk of Fame». Taste of Country. Henta 9. november 2020. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Emmylou Harris