Anders Askevold

målar

Anders Monsen Askevold (25. desember 183422. oktober 1900) var ein norsk kunstmålar, ofte kalla berre Anders Askevold. Han er kjend for landskapsmåleri av vestlandsfjordar med dampbåtar og nokre hus i biletet, og for å ha teke med husdyr som ein naturleg del av det norske landskapet.

Anders Askevold

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. desember 1834
Askvoll kommune
Død

22. oktober 1900 (65 år)
Düsseldorf

Yrke kunstmålar
Sjanger landskapsmåleri
Anders Askevold på Commons
Norsk fjordlandskap
Motiv med kyr

Anders Askevold var fødd i Askvoll i Sunnfjord, der far hans, Mons Askevold, var kyrkjesongar. Han utdanna seg til kunstmålar i Düsseldorf som elev av Hans Gude. Askevold kom til Düsseldorf i 1855 og blei verande der i 3 år, før han fortsette studia i Paris og München.

I 1866 flytta Anders Askevold tilbake til Noreg og slo seg ned i Bergen. Det var særs vanskeleg å livnæra seg som kunstmålar i Noreg på denne tida, og det gjekk lang tid før kjente norske målarar våga å slå seg ned i heimlandet. I Bergen gav Askevold undervising til lovande unge kunstnarar, mellom anna Ole Juul fra Vågan.

Askevold døydde i Düsseldorf i 1900.

Kjelder

endre
  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.