Askvoll kommune
Askvoll er ein kystkommune i Sunnfjord i Vestland fylke.
Askvoll kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Askvoll | ||
Areal | 326 km² | ||
- land | 314 km² | ||
- vatn | 12 km² | ||
Folketal | 2 949 (1. januar 2023) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Ole André Klausen (H) | ||
Kommunenr. | 4645 | ||
![]() Askvoll kommune | |||
Wikimedia Commons: Askvoll | |||
Nettstad: www.askvoll.kommune.no | |||
GeografiEndra
Kommunen ligg ut mot Nordsjøen og dekkjer området mellom ytste delane av Dalsfjorden/Vilnesfjorden og Førdefjorden og øyene utom, og strekkjer seg frå Bulandet i vest til grensa mot Sunnfjord kommune i aust. Nabokommunane er Solund og Fjaler i sør, Kinn og Sunnfjord i nord og aust, der Sunnfjord er den einaste kommunen Askvoll har ferjefritt vegsamband til.
KommunevåpenetEndra
Kommunevåpenet til Askvoll viser ein stilisert kross på grøn botn. Motivet er henta frå den kring tusen år gamle og nær fire meter høge steinkrossen ved Korssund. Korssund høyrde fram til 1990 til Askvoll kommune, men vart då overført til Fjaler kommune.
SamfunnEndra
KyrkjelivEndra
Askvoll sokn vart 1. januar 2006 slege saman med Holmedal sokn og Vilnes sokn til eitt sams sokn som heiter Askvoll sokn. Askvoll sokn har same utstrekkinga som Askvoll kommune og ligg under Sunnfjord prosti i Den norske kyrkja. Fram til 2004 var Askvoll eit eige prestegjeld, men då vart prestegjeldsordninga fasa ut og prestetenesta i Askvoll vert no leia av prosten i Sunnfjord.
Kyrkjer og kapellEndra
Askvoll kyrkje ligg i tettstaden Askvoll og vart bygd i 1863. Arkitekt for kyrkja var Anders Askevold. Ein meiner at den fyrste kyrkja i Askvoll vart bygd på 12- eller 1300-talet. Ein veit at det vart bygd ny kyrkje i 1604, ho stod til 1859 då ho vart riven. Kyrkja som står no avløyste ei kyrkje som brann ned etter lynnedslag i 1862, berre 3 år etter ho var nybygd 1859.
Holmedal kyrkje står i Holmedal, er teikna av Christian Christie, og vart sett opp i 1868. Gamlekyrkja frå ca 1600 vart då riven. Renessansealtartavla vart flytt over i den nye kyrkja. Ei av kyrkjeklokkene kjem frå kyrkja som stod i Holmedal før 1600. Ein meiner at den kyrkja kan ha vore ei stavkyrkje.
Vilnes kyrkje står på Vilnes på Atløy. Ho vart bygd i 1674 og påbygd i 1959.
Kvammen kapell ligg i grenda Kvammen og vart bygd i 1977.
Stongfjorden bedehuskapell ligg i grenda Stongfjorden og vart sett opp i 1908.
Bulandet bedehuskapell ligg på Bulandet og vart bygd i 1905 og påbygd i 1909 og 1966.
Værlandet bedehuskapell ligg på Værlandet og vart bygd i 1960 og påbygd i 1990.
PolitikkEndra
Kommunestyrevalet 2003Endra
Ei viktig sak i valkampen fram mot 2003-valet var Dalsfjordbrusaka. Einaste partiet som sa seg klart mot brua var Venstre. I valet var det Venstre som vart partiet som fekk flest stemmer, 28,4 %, og dei fekk 6 representantar i kommunestyret, men dei fekk ikkje ordføraren. Etter forhandlingar mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Høgre og Kristeleg Folkeparti vart Aud Kari Steinsland frå Arbeidarpartiet ordførar og Bjørn Arne Mjåseth frå Senterpartiet varaordførar.
Ved kommunestyrevalet i 2003 fordelte røystene seg prosentvis slik:
Parti | Prosent av røystene |
---|---|
Arbeidarpartiet | 19,7 |
Framstegspartiet | 3,8 |
Høgre | 13,2 |
Kristeleg Folkeparti | 6,6 |
Senterpartiet | 16,6 |
Sosialistisk Venstreparti | 9,5 |
Venstre | 28,4 |
Andre | 2,3 |
KommunesogeEndra
Askvoll var eige skipreide frå mellomalderen, og etter reformasjonen vart namnet brukt på prestegjeldet i området. I 1837 vart so Askvoll formannskapsdistrikt skipa. Som i resten av landet vart det då oppretta formannskapsdistrikt i kvart prestegjeld, slik Lov om Formandskaber paa Landet samt om Districternes almindelige Commune-Anliggender frå same året kravde. Prestegjeldet famna då i tillegg til mykje av det som i dag er Askvoll kommune også sokna Øen, Hyllestad og Nordsula, det vil seie bygdene langs kysten lengst nord i det som no er Solund kommune og ytst i det som no er Hyllestad kommune. I nord mot Førdefjorden var Staveneset og Grimelid dei nordlegaste grendene i Askvoll. På nordsida av Dalsfjorden gjekk grensa mellom Ytre Holmedal formannskapsdistrikt og Askvoll vestom Vårdal, og på sørsida gjekk ho mellom Hellevik og Fure. I 1861 gjekk sokna Hyllestad og Øen med i det nye heradet Hyllestad, og i 1887 vart Nordsula med i det nye heradet Solund. Den neste store endringa i kommunestrukturen kom i 1964. Då vart nabokommunane til Askvoll, Bru og Vevring ved Førdefjorden oppløyste og bygdene Osland, Stavestrand, Vågane, Flokenes, Skorva, Gjelsvik, Kvammen og Rørvik vart overførte til Askvoll. Den siste kommunebrigdet kom i 1990, då vart grensa mellom Askvoll og Fjaler (tidlegare Ytre Holmedal) sett til å gå langsetter Dalsfjorden, og dei bygdene på nordsida som tidlegare hadde høyrd til Fjaler vart overførte til Askvoll, medan bygdene på sørsida som tidlegare hadde høyrd med i Askvoll vart del av Fjaler. Det var bygdene Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal som då vart overførte til Askvoll, medan Fure, Grytøyra, Korssund og Folkestad vart overførte til Fjaler.
OrdførararEndra
Ordførarar i Askvoll | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
1837–1839 Georg Prahl Harbitz |
1839–1840 Mads M. Askevold |
1842–1857 Carl Johan Christie |
1858–1862 Mons A. Askevold |
1863–1867 Mads M. Askevold |
1868–1871 Mathias V. Rødsæth |
1872–1873 Jens O. Askevold | |
1874–1879 Kolbein S. Fismen |
1880–1907 Ole S. Nordeide |
1908–1934 Mathias K. Stubseid |
1934–1942 Olai Einen |
1945 Olai Einen |
1946–1955 Sverre Ringstad |
1956–1963 Mads Flokenes | |
1964–1971 Magne Loftheim |
1972–1987 Kåre Ness |
1988–1992 Jorunn Ringstad |
1993–2003 Kjellaug Veivåg Høyvik |
2004–2007 Aud Kari Steinsland |
2007–2011 Aud Kari Steinsland |
2011–2017 Frida Melvær | |
2017– Ole André Klausen |
Folk frå AskvollEndra
- Siri Helle (1982-), agronom og sakprosaforfattar
- Abraham Loftheim (1893– 1966), sakprosaforfattar