Anders Bertilsson Åsve

Anders Bertilsson Åsve (11. januar 17871843) var ein norsk gardbrukar, fiskar og stortingsmann frå Stod i Nord-Trøndelag.

Anders Bertilsson Åsve
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. januar 1787
Kvam kommune
Død

desember 1843

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Far hans var gardbrukar i Stod. Sjølv var han ei tid kontorist hos sorenskrivaren, før han overtok farsgarden. Han kom i økonomiske vanskar og selde då garden. Deretter budde han på Grønnesmarka i Kvam og var gards- og bygningsarbeidar. Etter han fekk publisert fleire artiklar i Trondheims-aviser vart han saksøkt av lensmannen i Stod og storbonden Coldevin ved Steinkjer og vart bøtelagt. I sine siste leveår livnærte han seg som fiskar, budde kanskje i Trondheim.

Han var 2. representant frå Nordre Trondhjems amtStortinget 1821 og og omframstortinget 1822. Både 1821 og 1822 var han medlem av Lagtinget, elles medlem av fire komitear i 1821. Mellom dei var komitear om sagbruksprivilegiar, om gjensidige rettar mellom tømmerhandlarar og bønder. Han var utskoten or riksretten 1821-22 mot Herman Wedel Jarlsberg.

Åsve deltok i desember 1843 under eit stort garnfiske i Åsenfjorden. Der drukna han.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914