Sorenskrivar

Sorenskrivar er ein offentleg embetsmann og dommar som er utnemnd til øvste administrative leiar for ein domstol i fyrste instans, det vil seie ein tingrett. Sorenskrivarordninga blei innført på bygdetinga ved forordning av 31. juli 1591. Forordninga kom med påbod om at det skulle tilsetjast ein «svoren skriver» i alle sokn, dvs. ein for kvart bygdeting sin rettskrets, eller tinglag, som det seinare vart kalla i Christian IVs Norske Lov av 1604. Embetsdistriktet til ein sorenskrivar bestod vanlegvis av fleire tinglag. Frå slutten av 1920-tallet vart ikkje nemninga tinglag brukt. I staden vart det skildra kva for herad (kommunar) embeta dekka.

Sorenskrivaren skulle opphavleg ikkje vere dommar, men ein skrivar som hjelpte lagrettemennene, først og fremst med å forme ut og skrive ned domsbreva. Etter kvart fekk likevel sorenskrivaren ein dommarfunksjon; fyrst som meddommar, seinare som hovuddommar og i enkelte tilfelle einedommar. I forordning av 23. oktober 1634 fekk sorenskrivaren status som dommar saman med lagrettemennene. Med Christian Vs Norske Lov av 1687 blei bygdetinget den nye fyrsteinstansen i landdistrikta, og sorenskrivaren blei einedommar i alle sivile saker og straffesaker som ikkje høyrde inn under militær eller geistleg rett.

Sorenskrivarane har i stor grad helde på statusen sin sidan, men viktige endringar skjedde i 1890 då Straffeprosessloven av 1887 trådde i kraft, samt i 1927 då fyrste del av sivilprosessreformen tredde i kraft. Fordi sorenskrivarane var einedommarar, var praksis heilt fram til 1960-talet å opprette nye sorenskriveri når eitt embete fekk for stor arbeidsbyrde. Etter dette har utviklinga gått i retning av å slå saman embete til større, kollegiale domstolar.

ArkivEndra

Arkiv etter sorenskriveria finst i statsarkiva, som høyrer inn under Arkivverket.

KjelderEndra