Anders Besseberg

norsk skiskyttar og skiskyttartrenar.

Anders Besseberg (fødd 25. februar 1946) er ein norsk tidlegare skiskyttar og skiskyttartrenar. Han var president i Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) frå 1992 til 2018.

Anders Besseberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. februar 1946 (78 år)
Yrke skiskyttar, skiskyttertrener, idrettsleder
Medlem av Norges idrettsforbund, Norges Skiskytterforbund
Anders Besseberg på Commons

Karriere endre

Besseberg var i sin aktive periode på det norske landslaget i skiskyting. I 1976 vart han norsk landslagstrenar, ei stilling han hadde til 1980.

Han byrja deretter i IBUs tekniske komité og vart visepresident i forbundet i 1988. Han overtok leiarvervet etter russaren Igor Novikov i 1992. I løpet av Bessebergs tid som leiar har skiskyting utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste vinteridrettane. Under IBU-kongressen 2010 i St. Petersburg ville han ikkje stilla som leiarkandidat, men etter massivt press lét han seg likevel velja att fram til 2014.[1]I september 2014 vart han endå ein gong vald for fire nye år på IBUs ellevte kongress i austerrikske St. Wolfgang im Salzkammergut med reint fleirtal.[2] Besseberg uttalte at han eigentleg ønskte å tre til side etter 22 år i vervet, men stilte til attval for å hindra at den kontroversielle,[3] russiske kandidaten Aleksandr Tikhonov vart vald til IBU-president. Besseberg vann klart med 33 stemmer, medan motkandidatane, Tikhonov og kanadiske James Carrabre, fekk høvesvis elleve og seks stemmer.[4]

Skuldingar om korrupsjon endre

12. april 2018 informerte Besseberg norske medium at han trekte seg som IBU-president i etterkant av skuldingar om korrupsjon.[5] 28. januar 2021 vart ein granskingsrapport om korrupsjon i idretten offentleggjord.[6] Denne rapporten gjentok skuldingane om korrupsjon mot Besseberg.[7] I april 2023 kom eit tiltalevedtak basert på skuldingar frå Økokrim om grov korrupsjon.[8]Den 9. januar 2024 starta rettssaka i Buskerud tingrett der Anders Besseberg stod tiltalt for grov korrupsjon i utland.[9] Mellom anna var han skulda for å ha fått gåver og tenester frå russarar sentralt i saka.[10] 12. april 2024 vart Besseberg dømd til fengsel i tre år og éin månad og 1,41 millionar i verdiinndraging.[11] Besserud anka dommen på staden.[12]

Kjelder endre

  1. Andreas Budalen; Marianne Kvamme Amengual (4. juni 2010). «Besseberg i ny kamp mot Tikhonov». NRK Sport. Henta 5. september 2014. 
  2. «Anders Besseberg reelected as IBU President» (på engelsk). International Biathlon Union (IBU). 5. september 2014. Arkivert frå originalen 5. september 2014. Henta 5. september 2014. 
  3. Send e-post til JournalistAnders Rove Bentsen; Lars Mørch Aaen (12. april 2024). «– Jeg begriper ikke at Russland plukker opp igjen den gamle røveren». NRK Sport. Henta 5. september 2014. 
  4. «Bøygard: – Nå håper jeg russerne snart tar til vettet». NRK Sport. 5. september 2014. Henta 12. april 2024. 
  5. Øystein Jarlsbo (12. april 2018). «Besseberg trekker seg som president: – Jeg er ikke korrupt». VG. Henta 12. april 2018. 
  6. «Final report» (PDF) (på engelsk). IBU External Review Commission. 28. januar 2021. Henta 12. april 2024 – via aptoma.no. 
  7. Gunnar Stavrum (28. januar 2021). «Skiskytter-skandalen gir skremmende innblikk i umoral og idrettskorrupsjon». Nettavisen. Henta 12. april 2024. 
  8. Tore Ulrik Bratland; Jesper Nordahl Finsveen (17. april 2023). «Russisk beskjed». Dagbladet. Henta 12. april 2024. 
  9. Nils Christian Mangelrød Journalist Hans Henrik Bårtvedt Journalist Halvor Ekeland Journalist. «Angriper bruk av stjernevitne: Mener Besseberg beskyldes for å ha mottatt penger» (på norsk bokmål). NRK. Henta 9. januar 2024. 
  10. Mangelrød, Nils Christian (11. januar 2024). «Reagerer på politiavhør: – Hadde knapt sovet på to døgn». NRK Sport. Henta 11. januar 2024. 
  11. Mangelrød, Nils Christian (12. april 2024). «Besseberg dømmes for russisk klokkegave». NRK Sport. Henta 12. april 2024. 
  12. Christian August Cederblad; Bård Sørø Olsen; Joachim Remvik; Stian With; Birthe Skingen (12. april 2024). «Nådeløs dom». Dagbladet. Henta 12. april 2024.