Opna hovudmenyen

Anders Christian Sjaastad (fødd 21. februar 1942) er ein statsvitar og politikar frå Oslo, medlem av Høgre. Han var 1985-97 stortingsrepresentant for Oslo, og forsvarsminister 1981-86 i Willoch-regjeringa. Sjaastad var leiar i Europabevegelsen i Noreg 1989–92, og av Oslo Høgre 1996–2000.

Anders C. Sjaastad
Fødd21. februar 1942
Oslo
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, statsvitar, skribent
Utdanna vedUniversitetet i Oslo

Sjaastad tok examen artium i 1962, og vart mag.art. i statsvitskap frå Universitetet i Oslo i 1969. Han var formann i Den Konservative Studenterforening i 1965, og i Det Norske Studentersamfund i 1967. I tida 1968-70 var Sjaastad forskningsstipendiat ved Institutt for statsvitenskap ved Universitetet i Oslo. År 1970 vart han tilsett ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) som forskar, og var også informasjonssjef i NUPI fram til han vart statsråd i 1981.

Sjaastad var statsråd i Forsvarsdepartementet frå 14. oktober 1981 til 25. april 1986, straks før regjeringa til Kåre Willoch gjekk av. I desse åra, 1981-86, var Sjaastad medlem av sentralstyret i Høgre, noko han også var i tida 1996–2000. Frå 1985 hadde Sjaastad fast sete i Stortinget til år 1997. Frå våren 1986 til hausten 1993 var han medlem av samferdslekomiteen, den siste fireårsbolken fram til 1997 var han nestleiar i justiskomiteen.

Etter å ha mista plassen på Stortinget i 1997, byrja han atter å arbeide i NUPI.

KjelderEndra