Kåre Willoch
Kåre Isaachsen Willoch (3. oktober 1928–6. desember 2021) var ein norsk politikar frå Oslo. Han var leiar av partiet Høgre i perioden 1970–1974 og statsminister i Noreg i perioden 1981–1986. 14. oktober 1981 danna han den fyrste reine høgreregjeringa sidan 1927. Frå 8. juni 1983 vart Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti med i regjeringa, regjeringa vart då ei koalisjonsregjering. Regjeringa gjekk av 8. mai 1986 etter at regjeringa hadde stilt kabinettspørsmål på å auke bensinavgifta, og blitt stemt ned i Stortinget.
Kåre Willoch | |
![]() Kåre Willoch i 2009 | |
Fødd | 3. oktober 1928 Oslo |
Død |
6. desember 2021 (93 år) |
Yrke | politikar |
Kåre Willoch på Commons |
På 1980-talet stod Willoch i spissen for ei høgrebølgje i norsk politikk. Arbeidarpartiet gjekk attende og Høgre fekk auka oppslutnad. Willoch var i mange ordskifte med leiaren i Arbeidarpartiet, Gro Harlem Brundtland. Saman vart dei kjend som berre Gro og Kåre.
Willoch er utdanna samfunnsøkonom, og arbeidde tidlegare i Norges Rederiforbund og Norges Industriforbund.
Dei seinare åra har han engasjert seg særleg for Palestina i konflikten med Israel, og har nytta utsegner som «Riv skammens mur!». Mange Israelvener hevdar at Willoch er antisemittisk. Willoch har vorte populær mellom mange norske sosialistar i Noreg dei siste åra, med sitt engasjement for naturvern og menneskerettar.
I 1997 vann han Fritt Ords Pris for uavhengige bidrag til norsk samfunnsdebatt.
KarriereEndra
- 1953 - Utdanna cand.oecon.
- 1954-63 - Tilsett i Norges Industriforbund
- 1957-89 - Stortingsrepresentant for Oslo Høgre
- 1963-65 - Generalsekretær i partiet Høgre
- 28. august 1963 - 25. september 1963: Statsråd og sjef for Handels- og skipsfartsdepartementet (Handelsminister) i John Lyng si regjering
- 12. oktober 1965 - 5. juni 1970 - Statsråd og sjef for Handels- og skipsfartsdepartementet (Handelsminister) i Per Borten si regjering
- 1970-74 - Formann i Høgre
- 1970-81 - Parlamentarisk leiar for Høgre si stortingsgruppe
- 14. oktober 1981 - 8. mai 1986 - Norsk statsminister
- 1986- - Visepresident i den Internasjonale Demokratiske Union
- 1988-? - President for Norsk-tysk selskap (Deutsch-Norwegische Gesellschaft)
- 1989-98 - Fylkesmann i Oslo og Akershus
- 1990 - Leiar av Forsvarskommisjonen av 1990
- 1998-00 - Styreformann i NRK
BibliografiEndra
- Willoch, Kåre: Minner og meninger, Chr. Schibsteds Forlag, Oslo 1988, ISBN 82-516-1231-4
- Willoch, Kåre: Statsminister, Chr. Schibsteds Forlag, Oslo 1990, ISBN 82-516-1350-7
- Willoch, Kåre: Tanker i tiden Cappelen , 1999 , ISBN 82-02-18596-3
- Willoch, Kåre: Myter og virkelighet, Cappelen , 2002 , ISBN 82-02-20460-7
- Willoch, Kåre: Utfordringer, Cappelen , 2004 , ISBN 82-02-23572-3