Anders Evensen

Norsk forretningsmann

Anders Christian Evensen (1. desember 181114. april 1873) var ein norsk trelasthandlar, skipsmeklar og stortingsmann frå Bamble i Telemark.

Anders Evensen
Fødd 1. desember 1811
Død

14. april 1873 (61 år)

Evensen var son til ein gardbrukar. Han var i 13 år kontorist i handelsnæringa i Stathelle. Sidan var han trelasthandlar, skipsbyggar og skipsreiar i Brevik, frå 1848 skips-, vare- og vekselmeklar same staden. Frå 1837 var han medlem i Brevik bystyre, i fleire år ordførar. Han var elles i mange år forlikskommissær og «sparebankdirektør».

Evensen representerte Brevik på Stortinget 1857, Omframtstortinget 1858, og stortinga 1859-60 og 1865-66. Han var 1857 medlem i Justiskomite nr 1, 1859-60 i Desisjonskomiteen og 1865-66 i Protokollkomiteen.

KjelderEndra