Brevik er eit tettbygd strøk i Porsgrunn kommune i Telemark. Brevik var eigen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, då staden, saman med Eidanger og Porsgrunn, blei ein ny kommune som fekk namnet Porsgrunn. Brevik er i dag ein bydel i den store fleirkjernebyen i Grenland, som SSB kallar tettstaden Porsgrunn/Skien.

Brevik
stad
Brevik sett frå brua. «Øya», med Brevik kyrkje, til høgre i bildet.
Land  Noreg
Kart
Brevik
59°03′32″N 9°41′15″E / 59.058888888889°N 9.6875°E / 59.058888888889; 9.6875
Wikimedia Commons: Brevik, Telemark

Brevik blir rekna som ein av dei best bevarte «seglskutebyane» i Noreg. Byen ligg ytst på Eidangerhalvøya, og var tidlegare ei viktig utskipingshamn for blant anna is og trelast.

Oversikt over historia til Brevik endre

  • 1622: General-admiral Cort Adeler blei fødd.
  • 1630: Militært batteri (blokkhus) blei sett opp på Øya (Blokkhustangen).
  • 1670: Den første kyrkja i Brevik blei bygd.
  • 1680: Brevik fekk ladestadsrettar.
  • 1689: Brevik fekk postkontor.
  • 1693: Brevik fekk sitt første skulestyre.
  • 1760. Den første brua over til Øya blei bygd.
  • 1761: Stor bybrann i Brevik.
  • 1779: Kongeleg løyve til overfarta Brevik-Stathelle.
  • 1780: Dei første vektarane blei tilsette.
  • 1800: Nok ein stor brann. Brevik hadde no ca. 1000 innbyggjarar.
  • 1801: Militært kanonbatteri blei sett opp på Øya.
  • 1820. Gapestokken ved kyrkja blei tatt ut av bruk.
  • 1837: Morten Thrane Esmark blei den første ordføraren i byen.
  • 1838: Postrøvar Berg blei halshogd på Batteriet.
  • 1845. Brevik fekk bystatus.
  • 1846: Brevik fekk middelskule.
  • 1847: Brevik fekk apotek. – Brevik Sparebank blei skipa.
  • 1849: Brevik fekk si første avis «Adressetidende».
  • 1849: Brevik fekk offentleg bibliotek.
  • 1855: Brevik telegrafstasjon blei opna.
  • 1867: Dei første vassverkdammane blei bygde.
  • 1878: Den andre kyrkja i Brevik blei innvigd.
  • 1882: Setrevegen blei etablert som ny hovudveg inn til byen.
  • 1883: Brannvakttårnet blei bygd.
  • 1895: Brevik jernbanestasjon blei opna av kong Oscar II.
  • 1896: Postruta med båt Brevik-Kristiansand blei opna.
  • 1905: Den første kinoen i Brevik.
  • 1907: Kong Chulalongkorn av Siam (Thailand) vitja Brevik.
  • 1914: Brevik fekk elektrisk lys.
  • 1919: Sementproduksjonen starta ved Dalen Portland Cementfabrik.
  • 1921: Brevik fekk eige sjukehus.
  • 1925: Brevik fekk gamleheim.
  • 1931: Fiskebasaren blei bygd.
  • 1945: Brevik fekk byvåpen.
  • 1949: Langbrygga blei opprusta med betongbrygge.
  • 1950: Furulund Idrettspark blei opna.
  • 1952: Det blei bygd ny bru til Øya.
  • 1958: Blekebakkvegen blei bygd.
  • 1960: Brevik kyrkje brann.
  • 1961: Ny skule blei teken i bruk på Åsen.
  • 1962: Brevik bru blei teken i bruk.
  • 1963: Ny kino blei bygd.
  • 1963: Den tredje kyrkja i Brevik blei innvigd.
  • 1963: Kommunesamanslåing. Eidanger og byane Brevik og Porsgrunn blei slått saman.
  • 1964: Ny kommune blei oppretta med Porsgrunn som namn.
  • 1966: Ferjeruta Brevik-København startar.
  • 1979: Kystverket sin trafikksentral på Strømtangen blei oppretta.
  • 1982: Breviksbåten «Alliance» blei verdsmeister i segling i ynglingeklassen i Florida.
  • 1992: Brevik sjukeheim blei teken i bruk.
  • 1995: Kong Harald og dronning Sonja vitja Brevik.
  • 1996: Grenlandsbrua blei opna av kong Harald.

Jernbane endre

Brevik fekk eigen jernbaneline – Brevikbanen – i 1895. Persontrafikken blei nedlagd i 1968, og jernbanesporet er seinare, saman med delar av stasjonsområdet, blitt rive. I dag blir berre delar av bana brukt på strekninga frå Norcem til Porsgrunn for godstransport.

Post endre

Brevik sitt første postkontor blei opna sommaren 1689. Byen var eit naturleg knutepunkt for posttrafikken i Sør-Noreg og blei hovudpostkontor for heile Skiensfjorden. På byrjinga av 1800-talet var det berre dei fire største byene i Noreg – Bergen, Trondheim, Kristiandsand og Oslo – som hadde større postomsetning enn Brevik. Postkontoret blei lagt ned og bytta ut med Post i butikk 17. september 2001, etter meir enn 300 års drift.

Folk frå Brevik endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre