Anders Fjellner

svensk samisk forfattar

Anders Fjellner (18. september 179522. februar 1876) var ein svensk sørsamisk prest og diktar.[1]

Anders Fjellner
Fjellner kolt.jpg
Fødd 18. september 1795
Ljusnedals församling
Død

22. februar 1876 (80 år)
Sorsele församling

Yrke forfattar, omsetjar, lyrikar, pastor
Anders Fjellner på Commons

Fjellner var fødd på Rödfjället sørvest for Tänndalen i Ljusnedals församling i Härjedalen. Via Härnösands gymnasium kom Fjellner i 1818 til Uppsala universitet, der han vart vigd til prest i 1821. Fjellner snakka sørsamisk, men lærte seg snart nordsamisk og finsk.[1] Han var gift med Christina Päivadtj (Päiviö) frå Karesuando församling.

I 1849 publiserte Fjellner diktsamlinga Päiven pardne («Sønene til sola»), som var skrive i ei samisk språkform basert på den sørsamiske dialekten i Härjedalen og den nordsamiske dialekten i Jukkasjärvi. Dikta skal ha vore basert på mytologiske beretninger som han skreiv ned hos samar i nord og sør. Den finske språkforskaren Otto Donner utgav Fjellner sine dikt i 1876 i verket Lieder der Lappen. Fjellners dikt «Solsonens frieri i landet til jettene», der samane vert skildra som barn av sonen til sola og ei jettekvinne, var ei av inspirasjonskjeldene til det samiske flagget.

Han døydde i Sorsele.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Collinder, Bjørn. «Anders Fjellner». Svemskt Biografiskt Lexikon. Henta 15. mai 2016.