Sorsele (sørsamisk Suarsa, umesamisk Suorssá) er ein tettstad i Västerbottens län i svensk Lappland. Han er administrasjonssenter i Sorsele kommun og i 2005 hadde tettstaden 1 353 innbyggjarar og eit areal på 1,83 km².[1]

Sorsele
busetnad
Land  Sverige
Areal 194 km²
Folketal 1 113 (31. desember 2020)
Kart
Sorsele
65°31′40″N 17°31′49″E / 65.527682799758°N 17.530299974574°E / 65.527682799758; 17.530299974574
Wikimedia Commons: Sorsele
Sorsele kommune, med tettstaden Sorsele markert.

Namnet kjem truleg frå det samiske sourge som tyder grein, kombinert med det svenske sel.

Byen ligg ved Vindelälven, ein av dei nordsvenske elvane som enno ikkje er utbygd til produksjon av vasskraft.

Gjennom tettstaden går Europaveg 45 og den svenske länsväg 363, samt Inlandsbanan, som held fram nordover til Gällivarre.

To mil frå tettstaden ligg skianlegget Nalovardo med ein lengste heis på 1740 m, ei maks fallhøgd 314m og 14 nedfarter. Den store tilgangen på fritt rennande vatn gjer Sorsele populært blant sportfiskarar om sommaren, og om vinteren blir det drive isfiske på dei mange innsjøane i området.

Kjelder endre

  1. Statistik från SCB: Tätorter; arealer, befolkning 2005, Befolknings- och arealfakta från SCB, oppdatert 30. Mai 2008

65°32′4″N 17°32′27″E / 65.53444°N 17.54083°E / 65.53444; 17.54083