Otto Donner (fødd 15. desember 1835 i Kokkola, død 17. september 1909 i Helsingfors) var ein finsk språkforskar og politikar. Donner var professor i sanskrit og komparativ indoeuropeisk språkforsking ved Helsingfors universitet, men studerte òg finsk-ugriske språk. Han var medlem av Finlands Landdag frå 1877 til 1905 og var utdanningsminister i Finland frå 1905 til 1908. Donner var òg initiativtakaren til danninga av Det finsk-ugriske samfunn i 1883.

Otto Donner
Otto Donner by Walter Runeberg.jpg
Fødd 15. desember 1835
Karleby
Død

17. september 1909
Helsingfors

Yrke lingvist, politikar
Otto Donner på Commons

Morsmålet hans var svensk, men han var fennoman av overtyding.

KjelderEndra