Anders Gløersen
Anders Nøstdahl Gløersen (fødd 22. mai 1986) er ein norsk langrennar frå Oslo som under Ski-VM 2015 vann gullmedalje for Noreg i 4 x 10 km stafett og ein bronsemedalje på 15 km. Han er medlem av Rustad Idrettslag.
Anders Gløersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. mai 1986 (36 år) Oslo |
Idrett | langrenn |
Tok del i |
AktivEndra
I tida frå desember 2007 til desember 2014 vann Gløersen fem renn i verdscupen, dei fire fyrste i sprint og den siste på 15 km. Han vart noregsmeister på 15 km i 2015. Gløersen vart nummer fire i sprintøvinga under Vinter-OL 2014.
Gløersen vart nummer tre på 15 km under verdsmeisterskapen på ski i Falun i 2015, 1,4 sekund bak sølvvinnar Maurice Manificat frå Frankrike, svenske Johan Olsson vart verdsmeister. Den 27. februar gjekk han ein framifrå tredjeetappe på Noregs lag i 4 x 10 km stafett, ein etappe som gav ankermann Petter Northug sjansen til å avgjere stafetten med sine unike spurteigenskapar. Dei to andre på vinnarlaget var Niklas Dyrhaug og Didrik Tønseth.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Anders Gløersen» frå Wikipedia på tysk, den 21. februar 2015.
BakgrunnsstoffEndra
- «Anders Gløersen» (engelsk). Olympedia. Henta 5. februar 2022.