Johan Arne Olsson (fødd 19. mars 1980) er ein svensk langrennsløpar frå Skultuna i Västerås kommun, sidan 1998 medlem av Åsarna IK. Han vart verdsmeister på 50 km i 2013 i Val di Fiemme, i same meisterskapen tok han sølvmedaljen på 15 km og gjekk for Sveriges sølvlag på 4x10 km stafett. Under vinterleikane i Vancouver i 2010 vart han olympisk meister på 4x10 km stafett med Sverige, og fekk bronsemdaljen både på 30 km og på 50 km. Han deltok i 2006 for Sveriges firemannslag som fekk bronsemedaljen i OL-stafetten 2006 og på mannskapet som tok sølvmedaljen på VM-stafetten i 2011.

Johan Olsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 19. mars 1980 (44 år)
Skultuna
Idrett langrenn
Tok del i

Langrenn under Vinter-OL 2014 – 15 kilometer klassisk menn, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 50 kilometer klassisk menn, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 10 kilometer stafett menn, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 4 x 10 kilometer stafett menn, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 30 kilometer jaktstart menn, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017

Johan Olsson i 2013

Han er sidan 2008 gift med langrennsløparen Anna Dahlberg.

Aktiv endre

Olsson fekk sitt internasjonale gjennombrot med sjetteplassen på 15 km i klassisk stil under OL 2006 i Torino. Seinare i olympiaden vann han ein OL-bronse for Sverige på 4x10 km stafett.

Han tok sin første verdscupsiger den 13. desember 2008, på ein 15 km klassisk stil i Davos vann han framom Axel Teichmann og Sami Jauhojärvi.

Olsson fekk bronsemedaljen på 30 km under vinter-OL 2010 i Vancouver. Fire dagar seinare vart han olympisk meister i langrenn då han gjekk andreetappen på det svenske laget som vann 4x10 kilometer stafett med klar margin til Noreg på andreplass. Daniel Rickardsson, Anders Södergren og Marcus Hellner gjekk dei øvrige etappane for Sverige. Stafettlaget vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje (Bragdguldet) for 2010.[1] Han avslutta vinterleikane med å vinne bronsemedaljen på femmila. Inn mot målstreken stod sigeren mellom fem løparar; Petter Northug tok gullmedaljen, med Axel Teichmann på sølvplass, Olsson vart nummer tre.

Han deltok i alle dei fire klassiske langrennsøvingane under ski-VM 2011 i Oslo. I dei tre individuelle tevlingane fekk han 16. og 17. plassar, men gjekk andre etappen for Sveriges sølvlag som vart slått på målstreken i kampen om gullmedaljen.

I slutten av januar 2013 vart Olsson svensk meister for første gong, då han i Falun tok ein suveren siger framom Daniel Rickardsson. Ein månad seinare gjekk han eit sterkt løp på 15 km i verdsmeisterskapen på ski i Val di Fiemme, berre Petter Northug gjekk fortare. Olsson vann så ein ny sølvmedalje på 4x10 km stafett, atter ein gong gjekk han andre etappen for laget. Søndag 3. mars imponerte Olsson stort då han vart verdsmeister på 50 km i klassisk stil, under tunge føreforhold leia han størstedelen av løpet og gjekk åleine over mål.

Verdscupsigrar endre

Dato Land Stad Øving
13. desember 2008   Davos 15 km klassisk stil
19. november 2011   Sjusjøen 15 km fristil
11. februar 2012   Nove Mesto 30 km fellesstart, klassisk stil
18. februar 2012   Szklarska Poreba 15 km klassisk stil
17. februar 2013   Davos 15 km fristil

Notar endre

  1. «Stafettlaget får Bragdguldet 2010». Svenska Dagbladet. 7. desember 2010. Henta 9. januar 2011. 

Bakgrunnsstoff endre