Anders Johanssøn

norsk los

Anders Jakob Johanssøn (181529. november 1881), med kallenamnet Ulabrand, var ein norsk los. I 1837 vart han tilsett som los ved stasjonen Ula i Vestfold. Han vart tidleg kjend for dei mange bergingsdådane sine og vart ein legendarisk person. Han skal ha fått tilnamnet sitt då han borda ein brigg frå Stokke i eit kraftig uvêr i Melsomvik i 1860.

Han omkom på sjøen saman med sonen og ein losgut under ein hauststorm i Oslofjorden den 29. november 1881. I 1932 vart det sett opp eit monument over han, laga av Hans Holmen, i Ula.

KjelderEndra