Anders Mehlum

Norsk journalist frå Skaun

Anders Andersson Mehlum (15. august 184811. august 1942) var ein norsk bladmann og forfattar frå Skaun i Sør-Trøndelag. Han levde ugift.

Anders Mehlum

Fødd 15. august 1848
Død

11. august 1942 (93 år)

Yrke journalist, redaktør

Mehlum var son til ein leiglendingsbonde. Sjølv tok han eksamen ved Klæbu seminar og var ei tid lærar i Nordland. Sidan var han journalist i Morgenbladet i Kristiania og redaktør av Drammens Blad og Kristianiaposten. Frå 1896 til 1932 gav han ut det «originale» vekebladet Nu, ein publikasjon som skulle «fremme fædrelandkjærlighed, urbanitet, sandhed og ret». Her formidla han mykje «smånytt» frå tallause ferder rundt om i bygdene på Austlandet, mest frå Hallingdal.

Mehlum gav ut boka Nordlandsliv i 1888, sju hefte med Hallingdal og hallingen åra 1891 og 1893 og boka Karen og Nils i 1938.

Bibliografi endre

  • 1875: Samtale med Gud og Godtfolk.
  • 1875: Linærlen.
  • 1875: Tjeneren. Et religiøst maanedsskrift, N:o 1-14
  • 1876: Gråspurven.
  • 1876: Billeder av Jesu liv og død.
  • 1888: Nordlandsliv. Fortællinger og skildringer Runeberg
  • 1891, 1893: Hallingdal og Hallingen. Runeberg
  • 1894: Tidskriften Nu, N:o 1-2 Runeberg
  • Nedigerer og udgiver, August 1896-1932: Tidskriften Nu, Ugeblad Runeberg
  • 1938: Karen og Nils. Fortelling Runeberg
  • 1943: Hallingdal og Hallingen. Runeberg

Kjelder endre

  • Mehlum, Anders i Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880. Fjerde Bind. Runeberg
  • Anders Mehlum, 1943: Hallingdal og Hallingen. Runeberg
  • Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Bakgrunnsstoff endre

  • Thor Gotaas: Livslang skrivekløe: historien om den vandrende redaktør Anders Mehlum, 2004