Anders Nummedal
Anders Johnsen Nummedal (27. januar 1867–6. mars 1944) var ein skulemann og arkeolog frå Vik i Sogn.
Anders Nummedal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. januar 1867 Vik kommune |
Død | |
Yrke | arkeolog |
Medlem av | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Nummedal vart utdanna cand. real. i 1900. Sidan var han lærar i Kristiansund ved den høgre skulen der i byen. I 1909 gjorde han funn frå steinalderen ved Voldvatnet på øya Nordlandet i nordmørsbyen. Nummedal hadde der oppdaga det som han kalla for Fosnakulturen.
Frå 1917 var Nummedal statsstipendiat. Perioden 1922-38 var han konservator ved Oldsaksamlinga til Universitetet i Oslo. Han var svært oppteken av steinalderarkeologi og stod bak oppdaginga av Komsakulturen i det nordlege Noreg i 1925. Nummedal leia mange arkeologiske utgravingar, og var den leiande granskaren av norsk steinalder.
Han døydde i Oslo.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok, IX. bandet, 1959