Opna hovudmenyen

Statsstipendiat er ei norsk stilling som etter søknad og innstilling frå Kulturdepartementet blir tildelt av Stortinget i samband med ordskifet om årets statsbudsjett. Stipendet blir utbetalt til stipendiaten oppnår pensjonsalder, for tida 67 år (2005).

Statsstipend blir gjeve som støtte til personar innanfor tverrfaglege eller uvanlege arbeidsfelt som er samfunnsmessig viktig, spesielt personar som på grunn av arbeidsområdet eller manglande formell kompetanse ikkje så lett kan få stillingar ved vitskapelege institusjonar eller kulturinstitusjonar. Tildeling av statsstipend skal normalt skje på fagleg grunnlag etter tilråding frå ein eller fleire kompetente personar som kjenner bakgrunnen og verksemda til kandidaten. (Statsråd Valgerd S. Haugland i brev til Stortinget 10.12.2001)

På 1800-talet vart fleire personar tildelt statsstipend av Stortinget for ulike forskingsarbeid. Ivar Aasen er eit døme på dette. Slike statsstipend finst ikkje lenger, tilsvarande stipend blir delt ut av Norsk forskningsråd og andre institusjonar. Statsstipendordninga vart endra etter Stortinget si nye rolle frå 1884 av. Blant dei første statsstipendiatane i nyare tyding har vi t.d. etnografen Andreas M. Hansen 1908 og Frederik Macody Lund frå året etter. Frå nyare tid er eit kjend døme røyrleggjar Erling Johansen frå Østfold, han oppdaga som amatørarkeolog ei mengd nye helleristningar. Han vart utnemnt av Stortinget til statsstipendiat i 1950. Dagens statsstipend kan vi sjå på som ei støtte til uavhengig, fri verksemd for kultur, samfunn og vitskap.

LønnsvilkårEndra

Statsstipendiatordninga vart i løpet av 1999 grundig drøfta i Kulturdepartementet i samarbeid med Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet. Resultatet vart lagt fram i St.prp. nr. 1 (1999-2000) og Stortinget hadde ikkje merknader til opplegget. Det er utarbeidd retningsliner for ordninga. Stipendiatenes økonomiske kår vart betra ved at alle stipendiatane som var under pensjonsalder og som hadde hatt såkalla beløpstipend, vart overført til stipend tilsvarande l.tr. 33 på statens regulativ og innmeldt i Statens pensjonskasse. Vidare vart det bestemt at alle stipendiatane utom pensjonistane skal ha stipendbeløp som følgjer kode 1017 Stipendiat, eller i spesielle tilfelle kode 1378 Stipendiat, i statens lønnsplanar for å få del i den generelle lønnsutviklinga på regulativet. (Frå Kulturdepartementets budsjettproposisjon for 2001)

Liste over statsstipendiatar (2006)Endra

År for utnemninga i parentes.

Utnemnd 2010-Endra

Utnemnd 2000-2009Endra

Utnemnd 1990-1999Endra

Utnemnd 1980-1989Endra

Utnemnd 1970-1979Endra

Utnemnd 1950-1969Endra

 
Just Qvigstad, Per Fokstad, H.J. Henriksen og Mikal Urheim fekk alle statsstipend for arbeidet sitt for samisk språk og utdanning

Utnemnd 1920-1949Endra

 
Seippel fekk statsstipend til arbeidet med den første nynorsk-Bibelen. Her Dorés bilete av Bergpreika

Utnemnd 1876-1919Endra