Anders Redal

bonde og politikar

Anders Andersson Redal (11. november 181122. februar 1896) var ein norsk bonde, politikar og haugianar. Han var frå Redalen i Vevring i Naustdal kommune. I ungdommen slutta Redal seg til Haugevenene i Sunnfjord og han reiste som emissær for haugerørsla i om lag 50 år, reisene betalte han med eigne midlar. Anders A. Redal skipa ei av landets første misjonsforeiningar i Vevring i 1844. Sjølv var han leiar for foreininga til 1894.

Anders Redal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1811
Vevring kommune
Død

22. februar 1896 (84 år)

Yrke skribent, politikar, bonde

Redal skreiv salmar, songar, brev og andakter. Fleire av salme- og songtekstane hans er samla i "Nogle ord om mit pillegrims liv, og reiseminder i Morbærdalen", utgjeven av Ingolf Kvamen. Dei fleste av songtekstane med notar er også utgjeve som "Religiøse sange" i "Sogeskrift for Naustdal. 2005"

Anders Redal var ordførar i Vevring kommune 1858-1863.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • u.å. – Nogle ord om mit pillegrims liv, og reiseminder i Morbærdalen  [Utgjeven av Ingolf Kvamen]
  • 2005 – Sogeskrift for Naustdal. 2005. Anders Redal: Relligiøse sange (Naustdal: Naustdal sogelag)

I tidsskrift - eit utval endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre