Opna hovudmenyen
For kommunen med same namn, sjå Naustdal kommune.

Naustdal er kommunesenteret i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tettstaden har 1 219 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg på nordsida av Førdefjorden, ved utlaupet til elva Nausta.

Naustdal
tettstad
Naustdal sentrum.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Naustdal
Areal 0,71 km²
Folketal 1 219 (2017)
Folketettleik 1 717 / km²
Postnummer 6817 NAUSTDAL
Preposisjon i Naustdal
Wikimedia Commons: Naustdal (village)

I Naustdal ligg Naustdal kyrkje frå 1891. Staden har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Den førre kyrkja var ei steinkyrkje frå midten av 1100-talet. Her ligg også Naustdal barne- og ungdomsskule og andre kommunale tenestetilbod.

Riksveg 5 går gjennom Naustdal og det er 12 kilometer til Førde og 37 kilometer til Florø. Riksveg 611 går frå Naustdal utover Førdefjorden til Vevring og Stavang.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Naustdal
  Denne Sogn og Fjordaneartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.