Opna hovudmenyen

Anders Sæterøy

norsk politikar

Anders Sæterøy (6. august 190110. juni 1991) var ein norsk småbrukar, bygningsmann og politikar frå Surnadal. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i tida 1954-69.

Anders Sæterøy
Fødd 6. august 1901
Død

10. juni 1991

Yrke politikar

Sæterøy var son til ein småbrukar og bygningsmann. Frå han var 16 år gammal var han sjølv med i bygningsarbeid. Seinare tok han over farsgarden, samstundes som han heldt fram med å byggje hus. Han engasjerte seg i lokalpolitikken i Surnadal og var medlem i heradsstyret frå 1928 til -40, og ordførar frå 1945 til 1955.

Etter tidlegare å ha stått på varamannsplass, vart Sæterøy hausten 1953 vald til stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal. Sidan vart han attvald tre gongar. I alle dei seksten sesjonane han var tingmann, var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen.

Sæterøy gav i 1973 ut boka Ungdoms draum og livsens røynsle, og i 1981 I manns minne.

KjelderEndra