Anders Thorsen Syrtveit

norsk arkitekt

Anders Thorsen Syrtveit, også kjend som Anders Thorson Syrtveit og Anders Thorsen Solberg (fødd 1778 i Iveland, daud 1857 i Evje), var ein norsk byggmeister.

Anders Thorsen Syrtveit
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1778
Død

1857 (79 år)

Yrke arkitekt
Sandnes kyrkje på Åraksbø i Bygland.
Foto: Siri Johannessen

Syrtveit gjekk også under navnet «Anders kyrkjebyggar» og er særleg kjend for ei rad kyrkjebygg i Setesdal/Agder:

I tillegg stod han bak to kyrkjer som er tapt i brann eller nedrivne (Evje).[1] Ifølgje kyrkjebyggdatabasen er også Moland kyrkje i Fyresdal sett opp av Syrtveit.[2] Syrtveit laga fire åttekantkyrkjer og fire krosskyrkjer. Syrtveit er oppført både som arkitekt og byggmeister for fleire kyrkjer,[3] grensene mellom desse yrka var uklare fordi dei gamle byggmestrane «bygget etter eget hode».[4]

Kjelder endre

  1. Hægelands kyrkje gjennom 300 år. Skriftnemnda/anonym forfatter (Jon Åsen?). Trykt i Agder Tidends prenteverk (Kristiansand, 1930).
  2. http://www.kirkesok.no/kirker/Moland-kyrkje lest 1.9.2013
  3. http://www.kirkesok.no/
  4. Nilsen, Sigrid (1985): Åttekantkirkene på Agder 1825-1850. Årsskrift for Agder Historielag, årgang 61, s.55-63.