André Ayew
André Morgan Rami Ayew, (fødd 17. desember 1989 i Seclin i departementet Nord) er ein ghanesisk fotballspelar. I 2010 spela han for Arles-Avignon, som rykte opp til Ligue 1 i Frankrike i 2010, på lån frå Marseille, og for det ghanesiske landslaget. Han er son av den tidlegare kapteinen på Ghana sitt fotballandslag, Abedi Pele, som tre gonger vart kåra til årets afrikanske spelar tidleg på 1990-talet. André Ayew vart fødd i Frankrike medan faren spelte profesjonell fotball der. Mora hans er fransk. Han voks opp i Ghana, men flytta attende til Frankrike som 15-åring og begynte å spela for Marseille. Ayew har éin landskamp for Frankrike sitt U18-landslag, men gjekk sidan over til å spela for Ghana. Han debuterte for Ghana sitt A-landslag 7. august 2007 i ein privatlandskamp mot Senegal.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | André Morgan Rami Ayew | ||
Fødd | 17. desember 1989 | ||
Fødestad | Seclin | ||
Høgd | 176 cm | ||
Posisjon | Ving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Arles-Avignon | ||
Ungdomsklubbar | |||
1999-2005 2005-07 |
Nania Marseille | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2007- 2008-09 2009-10 |
Marseille Lorient (lån) Arles-Avignon (lån) |
9 (0) 22 (3) 25 (4) | |
Landslag | |||
2007- | Ghana | 26 (1) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 26. juni 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 26. juni 2010 |