Andre makkabearbok

Andre makkabearbok er eit apokryft skrift i Bibelen.

Boka er ein kortversjon av eit fembandsverk skrive av Jason frå Kyréne i Nord-Afrika. Teksten er skriven på gresk. Forfattaren seier sjølv i forordet at denne typen hellenistisk historieskriving har til formål å underhalde lesarane og eggje kjenslene deira ved å leggje vekt på det dramatiske og patetiske. Forfattaren ser på makkabearopprøret som ein religiøs konflikt mellom hellenismen og judaismen.

Boka dekkjer noko av stoffet i 1. Makkabearbok, men fortel òg om det som hende i forkanten av fridomskampen til makkabearane. Forteljinga tolkar historia som ein konsekvens av at folket ikkje var lydige mot Gud. Forteljinga sluttar med den avgjerande sigeren til Juda Makkabi.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre