Opna hovudmenyen

Andrea Barzagli

italiensk fotballspelar

Andrea Barzagli (fødd 8. mai 1981) er ein italiensk fotballspelar, fødd i Fiesole, som sidan 2011 har spela i forsvaret til den italienske klubben Juventus. Han har spela 50 landskampar (sommaren 2014) for Italia, fast i startoppstillinga under fotball-EM 2012 då Italia nådde finalen. Under VM i fotball 2006 spelte han to kampar i turneringa, som enda med VM-gull for Italia.

Andrea Barzagli
Andrea Barzagli (Juventus).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Andrea Barzagli
Fødd 8. mai 1981 (38 år)
Fødestad Fiesole
Høgd 186 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Juventus
Nummer 15
Ungdomsklubbar
Italia Rondinella
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-2000
2000
2001
2001-03
2001-03
2003-04
2004-08
2008-11
2011-
Italia Rondinella
Italia Pistoiese
Italia Rondinella
Italia Piacenza
Italia Ascoli (lån)
Italia Chievo
Italia Palermo
Tyskland Wolfsburg
Italia Juventus
51 (3)
5 (0)
13 (1)
0 (0)
46 (3)
29 (3)
142 (4)
75 (1)
110 (1)
Landslag
2003-04
2004-
Italia Italia U21
Italia Italia
15 (0)
47 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 13. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 13. mai 2014

KlubbspelEndra

Perioden 1998-2003 spelte Barzagli på lågare nivå i italiensk klubbfotball. Frå seriestart hausten 2003 spelte han for fyrste gong i Serie A. Etter ein sesong i Chievo vart han overført til Palermo sommaren 2004, ein klubb han spelte for i fire sesongar.

Sommaren 2008 gjekk Barzagli til den tyske klubben Wolfsburg, og vann seriegull i sin fyrste sesong. I januar 2011 vart han overført til italienske Juventus i Serie A. Med storklubben frå Torino vart han italiensk seriemeister tre år på rad; 2012-14.

LandslagsspelEndra

Barzagli deltok på Italia sitt OL-lag som tok bronsemedalje under sommar-OL 2004. Same hausten, i november 2004 fekk han sin A-landslagadebut mot Finland. Under VM i fotball 2006 spelte han to kampar for verdsmeisterlaget, i kvartfinalen stilte han i staden for suspenderte Marco Materazzi. Han deltok i fotball-EM 2008, men deretter skulle det gå tre år før han atter fekk plass i fyrstellevaren på landslaget. Sidan oktober 2011 har han ofte vore på plass i midtforsvaret til Italia, både under EM 2012 og VM 2014.

MerittarEndra

  • VM-gull 2006 for Italia
  • EM-sølv 2012 for Italia
  • OL-bronse 2004 for Italia
  • Tysk seriemeister 2009 med Wolfsburg
  • Italiensk seriemeister 2012, 2013 og 2014 med Juventus