Marco Materazzi

italiensk fotballspelar

Marco Materazzi (fødd 19. august 1973) er ein italiensk fotballspelar frå Lecce. Han er særleg kjend for å ha provosert Zinedine Zidane under VM-finalen i fotball 2006, slik at Zidane skalla til Materazzi og vart utvist. Italia vann kampen etter straffeskyting. Materazzi spela 40 landskampar for Italia mellom 2001 og 2008. Som klubbspelar hadde han sine store år i Inter, ein klubb han var knytt til mellom 2001 og 2011. Gjennom dei ti sesongane var han med å vinne Meisterligaen i 2010, Serie A fem gongar og den italienke fotballcupen fire gongar. Materazzi har vore kjend for sin aggressive spelestil, noko som har leia til at han gjennom åra har vorte utvist 25 gonger.

Marco Materazzi

Statsborgarskap Italia
Fødd 19. august 1973 (50 år)
Lecce
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Språk italiensk
Høgd 193 centimeter
Nettstad http://www.marcomaterazzi.it
Marco Materazzi på Commons

Klubbspel endre

Materazzi spela dei fyrste sesongane som proff i lågare divisjonar i italiensk fotball. Han debuterte for Marsala i 1993, gjekk vidare til Trapani i 1994 og til Perugia i 1995. Han debuterte i serie A for Perugia mot Inter den 2. februar 1997. Sesongen 1998/99 spela han 25 kampar for den engelske toppserieklubben Everton FC, der han vart utvist tre gongar. Han reiste deretter tilbake til Perugia, som i mellomtida hadde rykt opp i Serie A. Sesongen 2000/01 skåra han 12 mål, italiensk rekord for ein forsvarsspelar. Etter sesongen skreiv han kontrakt med Inter. Dei neste ti åra spela han 209 kampar for Inter og skåra 18 mål. Sitt fyrste trofe vann han i 2005, då Inter sigra i den italienske cupen. Sidan var han med å vinne tre nye cupfinalar i Italia, meir stas var det å vinne Serie A i fem år på rad; 2006-10. 2009/10-sesongen vart krona med siger over FC Barcelona i meisterligafinalen, i førevegen hadde Italia gått til topps i både serie og cup heime i Italia. Sidan sommaren 2011 har Materazzi spela for den engelske tredjenivå-klubben Swindon Town.

Landslagsspel endre

Materazzi debuterte for Italia i kampen mot Sør-Afrika 15. oktober 2002. Han var med på Italia sine lag under VM 2002, EM 2004 og VM i fotball 2006.

Han nådde toppen, og på sett og vis botnen, under verdsmeisterskapen 2006 i Tyskland. Materazzi skåra sine to landslagsmål i VM-turneringa. Fyrst skåra han mål då Italia slo Tsjekkia 2-0 i siste og avgjerande gruppespelkampen, og i sjølve VM-finalen skåra han Italia sitt utlikningsmål mot Frankrike. I andre ekstraomgang provoserte han Zidane slik at denne skalla til Materazzi og vart utvist. Kampen ebba ut med 1-1. Materazzi skåra deretter på Italia si andre straffe i straffeskytinga. Italia trefte på alle sine straffespark, og vart verdsmeistrar. Etter kampen fekk Materazzi mykje kritikk, og vart granska av FIFA som gav han 5 000 sveitsarfranc i bot for usportsleg oppførsel.

Materazzi var også med i Italia sin tropp til EM i fotball 2008. Han spela frå start i gruppespelkampen mot Nederland, ein kamp som enda med 0-3-tap for Italia. Etter han vart teken av bana tidleg i 2. omgang, var det slutt med landslagsspel for Materazzi.

Meistertitlar endre

  • VM-vinnar 2006 for Italia
  • Vinnar av Meisterligaen for Inter i 2010
  • Italiensk seriemeister for Inter i 2006, 2007, 2008, 2009 og 2010
  • Italiensk cupmeister for Inter i 2005, 2006, 2010 og 2011

Kjelder endre