Andreas Grass
Andreas Grass er ein austerriksk låtskrivar. Han har mellom anna skrive musikken til A Place of Peace og Claire's Room.
Eurovision
endreÖsterreich rockt den Song Contest 2013
endreSaman med Nikola Paryla, Alexander Kahr og Natália Kelly skreiv han den engelskspråklege songen «Shine» som sistnemnde sendte inn til Österreichischer Rundfunk (ORF). Songen vart vald ut til å delta i Österreich rockt den Song Contest, den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013, og vart framført av Kelly. I finalen vann bidraget og fekk representere Austerrike.
Eurovision Song Contest 2013
endreI Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige deltok Austerrike i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 og enda på 14. plass med 27 poeng; fire frå Kroatia, Danmark og Irland, tre frå Moldova og Belgia og to frå Kypros, Serbia og Italia og eitt frå Estland, Slovenia og Storbritannia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget femteplass med ei rangering på 6,32 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 15. plass med ei rangering på 12,33. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1] Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013. På scena hadde Kelly med seg fem støttevokalistar: Karin Bauer, Regina Mallinger, Birgit Kubica, Harald Baumgartner og Monika Ballwein.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Austria in the Eurovision Song Contest 2013» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2013.
- Grass Andreas Grass ved The Internet Movie Database (IMDb)
Fotnotar
endre- ↑ Eurovision Team (28. mai 2013). «Split results of Eurovision 2013 revealed» (på engelsk). Henta 1. juni 2013.
- ↑ Natália Kelly (7. mai 2013). «MALMÖ 2013 | Facebook». Facebook. Henta 26. mai 2013.