Andreas Elias Haukland (10. oktober 18739. oktober 1933) var ein norsk forfattar.

Andreas Haukland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. oktober 1873
Mosjøen
Død

9. oktober 1933 (59 år)

Yrke skribent, lyrikar
Andreas Haukland på Commons

Andreas Elias vart fødd i Mosjøen, utanfor ekteskap, av mora Elen Anna Antonsdotter. Faren var ifølgje kyrkjeboka jemtlendingen Sven Eric Davidson. Som ung fekk Andreas Haukland dottera Borghild Haukland (1898-1990), fødd i Åfjord. Dottera vaks opp hos besteforeldra i Jøssund i Åfjord, men flytta til faren etter at ho var konfirmert. Ho utvandra sidan til Amerika der ho vart gift Robinson. I 1913 gifta Andreas seg i London med tyskfødde Elisabeth Hessler. Dei fekk sonen Hauk Haukland (1917-1930).

Livsløp endre

Dei fyrste barneåra levde han i Sjøgata i Mosjøen, der mora livnærte seg og guten ved å sy. Som åtteåring fekk guten ein ny heim på garden Haukland ved Fustvatnet i Vefsn, der han arbeidde som gjetar og dreng. Då han som nykonfirmert 16-årig fór frå Vefsn, tok han etternamnet Haukland.

Andreas levde ei tid som omreisande arbeidar; han arbeidde med handel, som tømmerhoggar og sagbruksarbeidar, fyrst i Nordland, sidan i Trøndelag. I 1898 fekk han nokre dikt på prent i avisa Fjell-Ljom i Røros. I 1902 fekk han gjeve ut fyrste romanen sin. I 1904 vart han innvilga forfattarlønn av Stortinget og kunne reise til Danmark, Spania og Italia. I 1912 møtte han tyske Elisabeth Hessler, som han gifta seg med, og med henne vart han for ei tid ein pengesterk mann.

Som nygifte overtok dei garden Herøya på Ringerike. Haukland fann snart ut at Herøya ved Steinsfjorden var for liten ein gard, og året etter kjøpte han storgarden søndre Ygle i Østerdalen. Men Haukland vart ikkje buande lenge i Østerdalen. I 1917 selde dei garden, og flytta til Magnebyn i Värmland. I 1919 kjøpte han storgarden Dalborgen i Vardal ved Gjøvik. Andreas la mykje arbeid ned i gardsdrifta, og det gjekk ut over skrivinga. Som gardsfolk lykkast Haukland og «greivinna» heller godt, og var vel vyrde i bygda. På grunn av store renteutgifter selde dei likevel unna noko skog, og laut til sist lata garden gå på auksjon i 1922. Dei flytte då til Bayern med sonen Hauk. Det omflakkande livet heldt fram; familien flytta vidare til Capri. Her døydde sonen Hauk i ei ulykke på veg heim frå skulen, berre 13 år gammal.

Haukland si dikting endre

Haukland sine bøker vart populære i samtida, og dei vart omsette til fleire språk. Han er mest kjend for folkelivsskildringane og natur- og dyreskildringane. Den fyrste boka han fekk utgjeve på eit forlag, var Bonsaks fortællinger (1902). Så følgde firebandsserien om «Ol' Jørgen»: Ol-Jørgens barndom, Udve, Hvide nætter og Hjemve (1902-05). I desse bøkene har Haukland fletta inn mange minne frå oppveksten sin i Mosjøen og Vefsn.

Vi finn òg mykje av forfattaren sjølv i bøkene om Gunnar Raben: Gunnar Rabens egteskab, Gunnars lykke, Til Roma og Den nye manden på volden (1908-20). Den boka han som vart omsett til flest språk, var Nornene spinder (1923), med handling frå vikingtida. Etter den boka følgde ein trilogi med handling frå vikingtida: Helge den unge, Vikingefærden og Svik og sverd.

Som forfattar var Haukland pioner på to område: som arbeidardiktar og skildrar av natur- og dyreliv. Haukland skreiv på dansk-norsk riksmål, men i replikkane brukar han ofte vefsnmål.

I 1973 vart eit monument over diktaren avduka i byparken i Mosjøen. Her lar biletkunstnaren romanfiguren «Ol’Jørgen» stå som representant for forfattaren og forfattarskapen hans. «Men min ild skal ikke dø», seier Ol’Jørgen i boka «Hjemvé» – og skulpturen held ei lynande eldloge i handa.

Verk endre

  • Digte, 1899.
  • Sitrende sanser, 1900.
  • Bonsaks fortællinger, 1902.
  • Ol-Jørgens barndom, 1902.
  • Udve, 1903.
  • Hvide nætter, 1904.
  • Hjemve, 1905.
  • De store skoge, 1905.
  • Havet, 1906.
  • Nybyggerhistorier, 1907.
  • Gunnar Rabens egteskab, 1908.
  • Eli Svartvatnet, 1909.
  • Gunnars lykke, 1910.
  • Vildmarkens barn, 1911.
  • Ormungerne, 1912.
  • Til Roma, 1915.
  • Nordlands fortællinger, 1916.
  • Den nye manden paa volden, 1920.
  • Elg, 1921.
  • Nornene spinder, 1923.
  • Helge den unge, 1924.
  • Vikingefærden, 1925.
  • Svik og sverd, 1926.
  • Ane Marie Arnaas, 1927.
  • Flo og fjære, 1929.
  • Navar-Nils, 1930.
  • Landeveiens folk, 1933.

Kjelder: endre